SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Fiskerihistoria i Flora:

Vårsild-eventyret

Storsildfisket - eller vårsildfisket - har gjennom historia skapt velstand og vekst - men også svolt og ruin for kystfolket når det årvisse innsiget svikta. Kinn og Florø har opplevd begge deler, fleire gonger.

Publisert 07.02.2002 15:57. Oppdatert 12.08.2002 09:54.
På 1500-talet viser skattelistene at fiskarbønder på Floralandet og i øyane var dei mest velståande i Sunnfjord, og grunnen var det rike sildefisket på den tida. Også kring 1700 var det rikt fiske kring Kinn. Dette tok brått slutt i 1758, men frå 1811 og i ti-åra som fylgde, skapte silda eit nytt "Klondyke" kring Kinn.

I åra frå 1811 til 1873 opplevde Sunnfjord-kysten eit av dei rikaste fiskeria som ein kjenner frå Norges-historia. Medan det elles i året budde berre nokre hundre menneske ute i øyane, kunne det i toppåra vere samla opptil 13.000 fiskarar som trengde seg saman i ørsmå havbuer og sov under båtkvelva dei kalde vinterdagane i februar og mars medan silda fløymde inn mot strendene. Det vert fortalt at silda stod så tett at den rende seg i store dungar inn på land når den trengde inn på vågane.

Dobling av folketalet på 10 år

Etter fleire tiår med dårleg fiske, kom silda først tilbake til sørlege Vestlandet i 1808. Frå 1811 betra fisket seg i Sunnfjord. Toppåra kom frå 1850 og utover, då kysten frå Bulandet til Kalvåg hadde hovudtyngda. I åra frå 1845 til 1875 voks folketalet i Kinn og Florø frå 2681 til 5025 menneske - altså nær halvparten av folketalet i storkommunen Flora i dag! Innover fjordane grodde det opp ei mengd tønnefabrikkar, og særleg i Eikefjord, Dalsfjorden og Gaular vart tønnefabrikasjon "heimeindustri" på dei fleste gardar. Fiskarar og oppkjøparar frå heile Sør-Norge lokkast i hop, og bønder langt inn i øvste Viksdalen og Jølster slo seg saman i notalag. Fjordabøndene reiv ofte eit høveleg tømmerhus på heimegarden som dei sette opp som rorbu og overnattingsstad ute i øyane. Fiskarar sørafrå tok med seg eigne losjibåtar. I 1868 låg det 500 slike kring øyane i Kinn.

Med halvrotna sild til Bergen

Frå gamalt av var det vanleg å føre sildefangstane i fersk tilstand til salting i Bergen. Det er lett å forstå at sildefengda neppe kunne kallast fersk når karane etter fleire dagars stri rotur frå Kinn la til Bryggja i Bergen! Bergens-kremmarane trekte dugeleg for dårleg kvalitet, og fiskarane fekk lite att for slitet. Men på slutten av 1700-talet kom forbod mot føring av fersk sild over lengre avstandar. Då vart Bergens-trafikken avløyst av lokal sildesalting i fiskeværa, der kvinnene oftast stod for kverking og salting i tønner. Ein stor del av saltebuene langs kysten vart no bygde av byborgarar frå Bergen og Stavanger. I alt 127 saltebuer i Sogn og Fjordane var eigde av byborgarar i 1862. (I tillegg åtte handelsmenn i distriktet 34 buer, og 248 buer var eigde av bønder frå distriktet). Det største salteriet låg i Båsundet på øya Skorpa, bygd av ein handelsmann frå Stavanger. Bua var 45 meter lang, og var bygd på steinmura kar i sjøen. Restane av anlegget er godt synlege framleis.

Neste side:
· Florø by, sildetelegraf og fiskerifyr
Førre side:
· Hummarfisket
Hovudside:
· Fiskerihistoria i Flora


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no