Det som skapte velstanden i kyststroka frå 1890 og utover, var det eventyrlege torskefisket på kysten frå Kinn og nordover til Stad. Det var i desse åra at Kalvåg fekk si glanstid (sjå "
Fiskeværet Kalvåg"), og det voks fram eit nytt fiskerisenter i ytre Nordfjord - sjå
Måløy vert fiskerisenter. Kring 1. verdskrig flytta tyngda av dette fisket seg nordover frå Kinn og Bremanger til Vågsfjorden og Kvalheimsvika i Vågsøy. Florø hadde i åra frå 1890 og utover sterk vekst, med dobling i folketalet.
Dampskip og havfiske
Det var på denne tida at det for alvor skaut fart i motoriseringa av fiskeflåten og utvikling av bankfisket. I England og Nederland kom dei første fiskedampskipa kring 1860. Ein av pionerane i Norge var notbas Hermannsen frå Florø. På slutten av 1870-talet kjøpte han dampbåt og brukte den til sleping av notbruket sitt. Han gjorde også forsøk med ei slags snurpenot som han sette og drog direkte frå dampskipet. Dette var over 20 år før snurpenotfiske kom i vanleg bruk.
Men det var sunnmøringane som stod for det store gjennombrotet for dampskip og bankfiske i Sør-Norge, då fiskedampskip frå Ålesund i 1885 gjorde stor suksess under kveitefiske på Storegga.
I Sogn og Fjordane vart dei første fiskedamskipsselskapa skipa i Måløy i 1898. I Florø kjøpte
Abraham Haave dampskip i 1894 og saman med skipsreiar
Elias A. Olsen og fleire forretningsmenn i Florø fire nye fiskedampskip i åra frå 1899 til 1903. Mykje av denne veksten i havfisket kom av at Staten i 1900 skipa Havfiskefondet som investeringshjelp til dei som ville satse på moderne havfiske. Florø-folket var om seg og sikra seg i tida fram til 1910 heile 29 prosent av midlane i dette fondet!
Florø Havfiskeselskap disponerte i åra frå 1900 og utover i alt seks skip. Selskapet vart oppløyst etter kort tid, og skipa selde m.a. til
Abraham Haave. Det mest kjende fiskedampskipet i denne flåten var "Høvding" som vart kjøpt av E. Ohna. "Høvding" var i drift også i dei store sildeåra på 1950-talet.
Ved utbrotet av 1. verdskrig var havfiskeflåten utestengd frå felta sine i Nordsjøen. Dei fleste fiskedampskipa vart selde, og i 1919 var det berre fem fiskedampskip att i Florø.
På same vis som Måløy hadde sin føregangsmann og fiskeripionèr i
Ulf Lem, så hadde også næringsliv og fiskeri i Florø sin høvedsmann i Abraham Haave.
Abraham var fødd i Stavang og son av den kjende haugianaren
Anders Haave. Abraham starta forretning i Florø i 1892. Mellom ei rad tillitsverv var han ordførar, og var ei drivande kraft bak byggjing av Fugleskjærskaia og skiping av Fjordenes Kreditbank i 1902.
Haave bygde opp ei blomstrande eksportforretning for sild og fisk, og hadde avdelingar både i Brønnøysund og på Island. I 1894 kjøpte han fiskedamp-skipet "Kinn", som han brukte til fiske både på norskekysten og ved Island i tillegg til fraktfart. Ein del verksemd dreiv Haave saman med skipsreiar
Elias A. Olsen. Mellom anna stod desse sentralt då det i åra frå 1899 til 1903 vart kjøpt inn fire havgåande fiskedampskip til Florø.
Haave bygde den kjende Haavebua midt i sentrum, og hadde også store eigedomar med kol-lager i Hesteneset. Han var aksjonær i den første sildoljefabrikken som vart bygd i fylket i 1910, A/S Florø Olje-og Sildemelfabrikk. I 1930 bygde firmaet hans Florø Fryseri.
Uthamnene kjem i bakleksa
Kring 1905 kom det store gjennombrotet for den oljedrivne motoren i fiskeflåten. På få år fekk dei fleste fiskeskøytene montert motor. Men dei gamle segla vart lenge nytta som framdrift ved sida av motoren.
Med motordrift var ikkje fiskarane lenger avhengige av kort utror til felta og leveransar i fiskeværa på dei næraste øyane. No kunne dei raskt og lett gå inn til t.d. Florø og Måløy, der det var god hamn. Her låg dei nye fiskemottaka og oppkjøps-båtane, og her bunkra og provianterte dei og fann slippar og service for motorskøytene. Dermed kom dei gamle fiskeværa ute ved havet - Hovdevågen, Batalden, Rognaldsvåg og Båsundet i bakleksa.
|
Rognaldsvåg ca. 1900, lasting av sildetønner frå Karnilsbua. Foto frå boka Vestnorsk kystkultur - øysamfunnet Batalden. Biletet er utlånt av Frode Seim. |