SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Årdal - staten satsar:

Motstand mot Årdal Verk

Frå fagleg hald vart det lagt fram planar som synte at det ville koste vel 77 millionar kroner å fullføre anlegga i Årdal og byggje eit lønsamt aluminiumsverk.

Publisert 17.12.2001 09:12. Oppdatert 17.12.2001 14:46.
Planen møtte motstand frå m.a. Norsk Aluminum CO - NACO som såg fåren i å få ein stor konkurrent til aluminiumsverket sitt i Høyanger. Dei hadde ein ivrig talsmann i forvaltningsstyret for Nordag-eigedomane, men dette styret vart skifta ut og nye kom inn. I det nye styret sat den nye fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Nikolai Schei. Han hadde gjort ein stor innsats m.a. som medlem av Heimefrontleiinga under krigen, og hadde stor respekt i landet. Han vart distriktet sin fremste talsmann i den drakampen som kom.

Styret gjekk i februar 1946 samrøystes inn for å byggje ut Årdal Verk, med ein eigardel til Staten på 40 prosent.

Strid på kammerset i Ap

Men Arbeidarpartiet som sat med regjeringsmakta ville det annleis: I partiet sin planøkonomiske tankegang var det først og fremst kraftkrevjande storindustri som skulle skaffe det krigsherja Noreg valutainntekter til gjenreising og utvikling av velferdsstaten. Venstresida i partiet meinte difor det var viktig med statskontroll over desse ressursane, og difor måtte Staten ha full eigarkontroll over nøkkelbedrifter som Årdal verk. Handelsminister Lars Evensen spela ein sentral rolle då regjeringa Gerhardsen gjekk inn for fullføring av Årdal Verk. Berre den mektige finansministeren Erik Brofoss gjekk imot. Han ville leggje Tyin-krafta inn på eit stamlinenett for Vestlandet for å byggje ut småindustri i staden.


Neste side:
· Årdal sat i andelaus spaning
Førre side:
· Statseigedom - og kva no?
Hovedmeny:
· Staten satsar på Årdal


MEIR OM ÅRDAL 
Årdal kommune

 
Aviser og media i Årdal
Historia i Årdal
Industri og næring i Årdal
Kjende personar i Årdal
Kommunehistoria i Årdal
Krigshistoria i Årdal
Kyrkjer i Årdal
Samferdsle i Årdal
Skular i Årdal
Verd å sjå i Årdal

 
Lyd frå Årdal
Video frå Årdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no