SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Naustdal:

Laksefisket i Naustdal

Arne Veien (biletet) leiger ut fiskerettar eit stykkje nedanfor Hovefossen. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Arne Veien (biletet) leiger ut fiskerettar eit stykkje nedanfor Hovefossen. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Laksefisket har frå gamalt vore ei viktig inntektskjelde både for folket langs fjorden og for elveeigarane langs Nausta.

Publisert 03.10.2001 15:35. Oppdatert 30.11.2006 09:08.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Sitjenot-fisket gav godt utbyte – særleg for dei som åtte dei beste lakseverpa i Gryta og i elveosen på Nausta. Begge stader måtte eigarane betale såkalla lakseskatt, og frå 1840 til kring 1900 vart lakseverpet på Gryta leigd ut til strilar.

Jakob T. Grytten bygde ishus for å ta imot laks, og i Naustdal var det Albert Eriksson Naustdal som bygde ishus og tok imot laks som vart send vidare til Giertsen & co. i Bergen.

Øvste del av laksetrappa i Hovefossen. her er det også ein automatisk lakseteljar.
Både under Naustdalsfossen og i Hovefossen vart det brukt garn. Ein gong fekk landhandlar Friis 54 laksar i eitt kast.

Elveeigarlag vart skipa

For å kunne organisere fisket og drive praktiske forvaltnings- og kultiveringstiltak i Jølstra, vart det skipa elveeigarlag i Naustdal på 1870-talet. På same tid vart det skipa liknande lag i Gaular og i Førde.

Konfliktar mellom sjø- og elvefiske

Dei første reguleringslovene for laksefisket i sjøen kom alt i 1850, og i 1868 var den første fiskeriinspektøren på plass i fylket for å føre tilsyn med laksefisket i elv og sjø.
Då den nye Lakselova frå 1891 innførte helgefreding med not i sjøen, starta bråket: I 1892 samlast 2000 sjølaksefiskarar frå heile Vestlandet seg i Bergen og skipa Vestlandske Laxefiskerforening, og langs heile kysten vart det samstundes skipa lokallag. Det var stor harme mellom sjølaksefiskarane fordi helgefredinga berre galdt sjøfisket, og ikkje laksefisket i elvane. Langs Førdefjorden, som elles på Vestlandet, var det sterke interessekonfliktar mellom sjølaksefiskarane og elveeigarane. I 1875 var det registrert i alt 25 kilenøter og lakseverpe langs den smale Førdefjorden. Desse måtte laksen kome seg heilskinna framom før den nådde elvemunningen på Jølstra eller Nausta.

Lakselordane kjem

Den første som truleg dreiv sportsfiske i Nausta var professor og forfattar Jens Andreas Friis frå Førde. I 1892 leigde ein engelskmann for første gong fiskeretten i Nausta. I 1894 teikna bergensaren Johan Gran leigeavtale for Nausta for 15 år, til ein pris på 800 kroner året. Gran og ein annan bergensar, Thorvald Beyer (sjå artikkelen: Laksefisket i Jølstra ), gjorde frå 1890-talet og utover stor forretning ved leige av lakseeelvar og vidareutleige. Gran for sin del kontrollerte laksefisket i m.a. Gloppen, Eid, Årdal og store delar av Lærdalselvi.

Laksetrapper

I 1897 bygde Johan Gran laksetrapp i den nedste fossen i elva, Naustdalsfossen. Seinare vart det også bygd laksetrapp i Hovefossen. Fordi det var få fiskarar i elva, vart det t.d. berre fiska omlag 100 kg laks årleg på 1890-talet.
I 1899 kjøpte Henrik Gundersen eit to-etasjers hus i Bergen og flytta det til Naustdal. Huset fekk 12 utleigerom, og vart kalla ”Hotellet”. Her budde laksefiskarane. Huset vart rive i 1970.
Lakseelva Nausta har i dei siste tiåra vorte kjend som ei av landets beste smålakseelvar. Men også storlaksen finn vegen opp stryka: Kring 1950 tok Trygve Kleiva ein laks på 23,5 kilo i Vegahølen.

MEIR OM NAUSTDAL 
Naustdal kommune

 
Aviser og media i Naustdal
Historia i Naustdal
Industri og næring i Naustdal
Kjende personar i Naustdal
Kommunehistoria i Naustdal
Krigshistoria i Naustdal
Kyrkjer i Naustdal
Samferdsle i Naustdal
Skular i Naustdal
Verd å sjå i Naustdal

 
Video frå Naustdal
Lyd frå Naustdal
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no