På 1880-talet skal 18 kastenøter ha vore i bruk i elva. Bøndene langs elva fekk også kjærkomne ekstrainntekter ved å verte klepparar og roarar for rikfolk frå inn- og utland.
Kring 1860 kom den første engelske ”lakselorden” til Førde; sir Henry Pottinger. Han fortel at bøndene på den tida kasta med not i elva to gonger dagleg.
Førde elveeigarlag
For å kunne organisere fisket og drive praktiske forvaltnings- og kultiveringstiltak i Jølstra, vart Førde elveeigarlag skipa på 1870-talet. På same tid vart det skipa liknande lag i Gaular og i Naustdal.
Tidleg freding og klekkeri
Alt i 1869 hadde elveeigarane i Førde fått vedteke freding mot fiske i ei sone kring elveosen. I 1879 bygde elveeigarlaget i Førde det første klekkeriet med statstilskot, men berre få år etter vart det brote ned av snøtyngda.
Dei første reguleringslovene for laksefisket i sjøen kom alt i 1850, og i 1868 var den første fiskeriinspektøren på plass i fylket for å føre tilsyn med laksefisket i elv og sjø.
Konfliktar med sjølaksefiskarane
Då den nye Lakselova frå 1891 innførte helgefreding med not i sjøen, starta bråket: I 1892 samlast 2000 sjølaksefiskarar frå heile Vestlandet seg i Bergen og skipa Vestlandske Laxefiskerforening, og langs heile kysten vart det samstundes skipa lokallag. Det var stor harme mellom sjølaksefiskarane fordi helgefredinga berre galdt sjøfisket, og ikkje laksefisket i elvane.
Langs Førdefjorden, som elles på Vestlandet, var det sterke interessekonfliktar mellom sjølaksefiskarane og elveeigarane. I 1875 var det registrert i alt 25 kilenøter og lakseverpe langs den smale Førdefjorden. Desse måtte laksen skome seg heilskinna framom før han nådde elvemunningen på Jølstra eller Nausta. I 1885 kom Førde elveeigarlag difor med dette hjartesukket i årsmeldinga:
”Saalenge ikke Kilenøterne afskaffes eller i det mindste betydelig indskrænkes, antages det at være til liden eller ingen Nytte at fortsætte med noget Udklækningsapparat....”
Engelsk hertug
Ein engelskmann som ein ikkje kjenner namnet på, leigde fisket i Jølstra i 1876, og mellom 1881 og 1886 leigde hertugen av Marlborough, John Winston Spencer-Churchhill. Frå 1886 til 1888 vart Jølstra leigd av engelskmannen J. W. Knight Bruce. Frå 1889 og dei neste 20 åra leigde den rike forretningsmannen Thorvald Beyer frå Bergen elva. I 1890 bygde han nytt klekkeri ved Jølstra. Her la ein m.a. inn rogn frå den storvaksne laksen i Årøyelva ved Sogndal og frå Vosso, og Beyer selde også laksesmolt frå Førde-klekkeriet til andre elvar i distriktet.
Beyer og ein annan bergensar – Johan Gran – leigde på den tida ei mengd fiskerettar både på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg og dreiv lønsam framleige av fisket. Beyer dreiv eitt av dei største reisebyråa i Noreg og marknadsførte laksefisket gjennom eit eige blad: Beyer’s Weekly News. Dei fleste som fiska i Beyer sine elvar kom frå England.
|
Laksefiskarar med dagens fangst utanfor futegarden på Bruland. Mannen lengst til høgre er truleg Thorvald Beyer. |
La att mykje pengar
Dei velståande laksefiskarane la mykje pengar att etter seg på dei lokale hotella Hafstad Hotell og Sivertsens Hotel. Også den gamle futegarden på Bruland vart leigd ut til sportfiskarar, og veggane i peisestova i den freda bygningen frå 1600-talet er framleis prydde av kopiar av kjempelaksar frå Jølstra. Det var ”The noble art of angling”- flugefiske - og kampen med storlaksen som interesserte utlendingane – ikkje fisken som matvare. Laksen gav dei bort til klepparar og andre hjelpesmenn. Nordmennene som tok over fisket etter 1900 nytta fangsten sjølve, eller selde laksen til dei lokale hotella.
Bitter konflikt med Sunnfjord Energi
I Jølstra vart det bygd kraftverk i Brulandsfossen like nedanfor Movatnet i 1914. Det kommunale kraftverket og fallrettane der vart ein del av eigedomane til Sunnfjord Energi då det vart skipa av kommunane i regionen i 1985.
Ei modernisering av kraftverket i Brulandsfossen på slutten av 1980-talet gjorde etter elveeeigarane si meining stor skade på laksestammen i elva. Jølstra vart stengd for alt fiske i fleire år tidleg på 1990-talet for å berge laksestammen, og lange og bitre rettssaker med erstatningskrav i millionklassen fylgde.