Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 8. mars

• Harry og Meghan om motgang
• 396 nye koronatilfelle
• Oljeprisen over 71 dollar

Prins Harry og Meghan Markle blir intervjuet av Oprah Winfrey på CBS

Prins Harry og Meghan Markle avslørte at dei ventar ei jente til sommaren. Det er deira andre barn.

Foto: HARPO PRODUCTIONS / Reuters / NTB

– Kongefamilien var bekymra for hudfargen til babyen

Prins Harry og Meghan seier at medlemmer i kongehuset ytra bekymring for kor mørk hudfarge babyen deira ville få. Det kom fram i TV-intervjuet som Oprah Winfrey gjorde på CBS i natt.

Bekymringa blei lufta overfor prins Harry av fleire familiemedlemmer, men han ville ikkje seie kven det var. BBCs kongeekspert kallar utsegna «knusande».

Paret snakka og om sjølvmordstankar, og delte glede over at barnet dei ventar er ei jente.

396 nye koronatilfelle

Søndag vart det registrert 396 nye koronasmitta i Noreg. Det er 33 fleire enn laurdag, og 216 fleire enn søndag for ei veke sidan.

I Oslo var det 198 nye tilfelle, også det ein auke sidan dagen før.

146 koronapasientar var søndag innlagd på sjukehus. Det er åtte fleire enn dagen før.

Nordsjøolje over 71 dollar fatet

Prisen på nordsjøolje steig 2,5 prosent måndag morgon som følgje av et missilåtaket mot eit oljelager i Saudi-Arabia og tro på auke etterspurnad.

Eit fat nordsjøolje blei i natt seld for 71,1 dollar fatet. Det er den høgaste oljeprisen på nesten to år, sidan mai 2019.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no