Hopp til innhold

Prins Harry og Meghan om medlemmer av kongefamilien: ­Var bekymra for hudfargen til babyen

Prins Harry og Meghan Markle legg ikkje fingrane imellom når dei skildrar livet i den britiske kongefamilien i eit intervju med Oprah Winfrey i natt.

I intervjuet som den amerikanske TV-kanalen CBS sende i natt, kjem hertugparet med ei rekkje oppsiktsvekkjande utsegner og skarp kritikk av tilhøva og haldningane i kongefamilien.

Prins Harry og Meghan seier at før sonen deira blir fødd, ytra medlemmer i kongehuset bekymring for kor mørk hudfarge babyen ville få.

Meghan fortel at dette ikkje blei teke opp med henne, men direkte med prins Harry.

Oprah Winfrey spør to gonger om kven som sa dette, men Meghan ville ikkje svare. Ho grunngjev det med at ho meiner det vil bli «øydeleggjande for dei».

BBCs kongeekspert kallar utsegna «knusande», men peiker på at dette berre er den eine parten si framstilling av tilhøva.

Laster Twitter-innhold

Harry vil heller ikkje svare når Winfrey spør han.

– Den samtalen vil eg aldri dele, seier han.

Han fortel at han syntest det var flaut då dette med hudfargen blei teke opp, og at han blei litt sjokkert. Han seier at denne samtalen skjedde heilt i starten av forholdet mellom han og Markle.

Prinsen skal ha presisert at det korkje var dronninga eller prins Philip som skal ha kommentert sonens hudfarge.

Archie Harrison Mountbatten-Windsor;Prince Harry;Meghan Markle;Archie Harrison Mountbatten-Windsor;Prince Harry;Meghan Markle

Medlemmer i kongehuset skal ifølge hertuginne Meghan ytra bekymring for kor mørk hudfarge babyen ville få. Sonen Archie Harrison Mountbatten-Windsor vart født 6. mai 2019.

Foto: Dominic Lipinski / AP

Prins Harry seier at han opplevde det som sårande at kongefamilien ikkje gjekk aktivt ut og tok avstand frå rasisme i dei tre åra han og Meghan budde i Storbritannia.

Overraska Meghan måtte neie

Hertuginne Meghan fortel at dronning Elizabeth ønskte henne varmt velkommen i familien, og at dronninga alltid hadde vore svært hyggjeleg mot henne.

Då ho for første gong skulle helse på dronninga, blei ho overraska over at ho måtte neie for henne sjølv når dei var åleine.

– Eg og Harry øvde på neiinga saman, fortel ho.

Ho seier og at ho «ikkje fullt ut forstod kva jobben var» då ho gifte seg med den britiske prinsen, og at ingen sørgde for å gi henne ei skikkeleg innføring.

Hertuginne Meghan og dronning Elizabeth

Hertuginne Meghan fortel at dronning Elizabeth alltid har vore svært hyggjeleg mot henne.

Foto: JIM CLARKE / AFP

– Eg var einsam

Kort etter at ho blei medlem av kongefamilien, opplevde Meghan at ho måtte gi frå seg passet, førarkortet og nøklane sine. Ho fekk heller ikkje treffe venner eller gå ut til lunsj.

På grunn av alle restriksjonane følte ho seg åleine og einsam.

– Kongehuset gjentek usanning

– Eg forstår ikkje korleis dei kan vente at eg skal halde munn når dei lèt usanningar om oss leve, seier Meghan når ho blir spurd om tilhøvet til kongefamilien i dag.

Meghan seier at ho nektar å leve i frykt, og at ho no berre vil seie tinga som dei er.

Ho tar òg avstand frå påstandar i pressa om at det var fiendskap mellom henne og hertuginne Kate, som er gift med Harry sin bror William.

Prins Harry og Meghan Markle gifter seg

Prins Harry og Meghan Markle gifta seg i ein offisiell seremoni 19. mai 2018. Nå fortel Meghan at de da allereie hadde vore gift i tre dagar.

Foto: BEN STANSALL / AFP

Meghan: Vi gifta oss tre dagar før

Meghan fortel at ho og prins Harry formelt blei vigde heilt privat av erkebiskopen av Canterbury tre dagar før den offisielle seremonien i Windsor 19. mai 2018.

– Vi ville ha ein dag berre for oss, seier ho.

På bryllaupsdagen hadde ho ei kjensle av å vere utanfor kroppen sin.

– Vi bad om hjelp

Allereie før bryllaupet var presset på det unge paret tøft for dei.

Prins Harry fortel at han bad kongefamilien om hjelp til å takle presset frå media, men at dei ikkje fekk hjelp, utover råd om å godta at «det er slik det er».

Han seier at dei ikkje følte seg trygge, og at det var medverkande til at dei flytta, først til Canada, og så vidare til California.

– Vi var desperate, seier han.

– Eg tenkte på sjølvmord

Meghan seier at ho frykta at ho ikkje ville overleve presset i den britiske kongefamilien. Ho innrømmer at ho tenkte på sjølvmord.

– Eg tenkte at det kunne ha løyst alles problem, seier ho til Oprah Winfrey.

Prins Charles og prins Harry

Prins Charles og sonen prins Harry under ein filmpremiere i april 2019. Prins Harry fortel nå at hans far slutta å ta telefonen da han ringde.

Foto: NIKLAS HALLE'N / AFP

Prins Harry fortel at han var for skamfull til å be om hjelp då både han og Meghan streva med «mørke tankar».

Prins Harry er og open om at frykta for «at historia skal gjenta seg», og at det var det som var i ferd med å skje før han og Meghan trekte seg frå kongelege plikter i fjor.

Han seier at han føler seg svikta av faren sin.

– Han slutta å ta telefonen då eg ringde.

– Eg var fanga

Januar 2020 slapp prins Harry og hertuginne Meghan nyheita om at dei seier frå seg sine kongelege plikter og flyttar til Canada.

Oprah Winfrey spør om det var Meghan som hadde fått prins Harry til å bryte med familien sin.

Det avviste prinsen. Samstundes vedgjekk han at han ikkje hadde klart å bryte ut frå kongefamilien viss det ikkje hadde vore for Meghan.

– Eg, broren min og faren min er alle fanga av systemet, og eg har medkjensle med dei.

Meghan avviser at det var hennar ønske frå starten å bryte ut.

– Då eg gjekk inn i det, tenkte eg at dette var noko som skulle vare livet ut. Eg forlét jo alt for han, seier ho.

– Dei stansa pengane

På spørsmål om dei kommersielle avtalane som paret har inngått med Netflix og Spotify, seier prinsen at dei er naudsynte for å dekke kostnadene til mellom anna livvakter og tryggingstiltak etter at kongefamilien kutta pengestraumen.

– Dei kutta meg av, seier han, med tilvising til at apanasjen blei stansa då dei frasa seg dei kongelege pliktene sine og flytta frå landet.

Han seier at han har arv etter mora si, prinsesse Diana.

Meghan Markle i Hollywood i 2012

Meghan Markle som skodespelar i Hollywood i 2012

Foto: Frederic J. Brown / AFP

Ikkje svart nok, ikkje kvit nok

Meghan Markle har ei afroamerikansk mor og ein kvit far, og veks opp i California i det som vart skildra som «dei svartes Beverly Hills».

Før ho gifta seg med prins Harry hadde ho ein karriere som skodespelar. Ho spelte blant anna i «Suits», «Remember Me» og «A Lot Like Love». Også då opplevde ho problem på grunn av hudfargen.

– Å vere «etnisk tvitydig» som eg vart omtalt som i bransjen, burde bety at eg kunne prøve meg i alle roller, skreiv Markle 2015 for det britiske magasinet Elle.

– Men dessverre, fungerte det ikkje sånn: Eg var ikkje svart nok for enkelte roller og ikkje kvit nok for andre. Dermed hamna eg midt imellom som ein etnisk kameleon som hadde problem med å få jobb, skreiv Markle.

Meghan og Harry ventar jente

Under TV-intervjuar avslørte paret at dei ventar ei lita jente. Frå før har dei sonen Archie som har runda to år.

– Å ha ein gut og deretter få ei jente, kva meir kan du be om? No har vi vår eigen familie. Det er oss fire og våre to hundar, sa prins Harry.

– Termin er i sommar, la Meghan til.

Meghan Markle og prins Harry

Meghan Markle og prins Harry ventar det andre barnet sitt i sommar. Det blir ei jente, opplyste dei i intervjuet.

Foto: HARPO PRODUCTIONS / Reuters / NTB

SISTE NYTT

Siste nytt