Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 5. mai

• 484 koronasmitta siste døgn
• Taliban på offensiven i Afghanistan
• Høgresida sigra i Madrid

Afghanske regjeringssoldater heiser et afghansk flagg på en base de har overtatt fra USA i Helmand-provinsen.

MAKTSKIFTE: Det afghanske flagget blir heist i ein base i Helmand i det amerikanarane overlèt basen til afghanske styrkar.

Foto: Afghanistans forsvarsdepartement / AP / NTB

484 koronasmitta siste døgn

Det siste døgnet er det registrert 484 koronasmitta personar i Noreg. Det er 40 færre enn same dag i førre veka. Trenden er framleis fallande.

Tysdag var 128 koronapasientar innlagde på sjukehus, 25 færre enn dagen før. I alt er 757 koronasmitta døde i Noreg sidan mars i fjor. 17 av dei var under 50 år.

No har 1.379.744 personar fått første dosne av koronavaksinen, og 369.537 er fullvaksinerte.

I Oslo vart det registrert 123 nye smittetilfelle tysdag. Smittetrykket er høgast i Bjerke bydel, med Grünerløkka og Stovner på andre og tredjeplass.

Taliban på offensiven i Afghanistan

Dei første 24 timane etter at USA overlét ein base i Helmand-provinsen til afghanske regjeringsstyrkar søndag, måtte afghanarane kjempe for å halde stillingane mot Taliban-angrep ei rekkje stader. Tusenvis av sivile har flykta frå intense kampar.

Maktskiftet søndag er ledd i den amerikanske tilbaketrekkinga frå landet etter tjue års krigføring. President Joe Biden har lova at amerikanske soldatar skal vere ute av landet innan 11. september.

Høgresida sigra i Madrid

Det konservative partiet PP har dobla oppslutninga si frå 22 til 44 prosent i regionalvalet i Madrid, men må støtte seg på Vox frå ytre høgre for sikre fleirtal.

PPs regionleiar i den spanske hovudstaden, Isabel Díaz Ayuso, har det siste året markert seg som ein motstandar av dei strengaste koronatiltaka innført av den spanske regjeringa.

Sosialistpartiet PSOE til statsminister Pedro Sánchez er den store taparen av valet. Podemos-leder Pablo Iglesias trekker seg etter nederlaget.

Isabel Diaz Ayuso og Pablo Casado i PP-partiet i Spania

SIGRA I SPANSK VAL: PPs regionleiar i den spanske hovudstaden, Isabel Díaz Ayuso, og PP-leiar Pablo Casado.

Foto: PIERRE-PHILIPPE MARCOU / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no