Taliban på offensiven etter USAs tilbaketrekking i Afghanistan

Tusenvis av menneske flykta då det braut ut harde kampar mellom Taliban og afghanske regjeringsstyrkar i Helmand etter at USA starta tilbaketrekkinga.

Afghanske regjeringssoldater heiser et afghansk flagg på en base de har overtatt fra USA i Helmand-provinsen.

MAKTSKIFTE: Det afghanske flagget blir heist i ein base i Helmand i det amerikanarane overlèt basen til afghanske styrkar 2. mai 2021

Foto: Afghanistans forsvarsdepartement / AP / NTB

Dei første 24 timane etter at USA overlét ein base i Helmand-provinsen til afghanske regjeringsstyrkar søndag, måtte afghanarane kjempe for å halde stillingane mot Taliban-angrep ei rekkje stader.

Maktskiftet søndag er ledd i den amerikanske tilbaketrekkinga frå landet etter tjue års krigføring. President Joe Biden har lova at amerikanske soldatar skal vere ute av landet innan 11. september.

Intense kampar

Rundt 1000 familiar har flykta frå heimane sine i utkanten av Lashkar Gah som er hovudstad i Helmand-provinsen, og andre stadar i provinsen, ifølgje Sayed Mohammad Ramin, direktøren i regionen for flyktningspørsmål.

Han sa familiane som hadde søkt tilflukt i Lashkar Gah, kom frå område der det var intense kampar.

Også Al Qaida

Det afghanske forsvarsdepartementet seier at regjeringsstyrkane har drepe over 100 Taliban-krigarar i Helmand det siste døgnet.

Også 22 Al Qaida-krigarar frå Pakistan er drepne i kampane.

Taliban erobra først eit tital militærpostar rundt Lashkar Gah, men alle er teke tilbake av regjeringsstyrkar, heiter det.

Taliban seier dei har drepe fleire tital afghanske soldatar, men begge sider er kjende for å overdrive talet på drepne hos motparten.

Eit lokalt sjukehus seier dei sidan laurdag har teke imot over 100 såra etter kampar i området.

Taliban kontrollerer halve Ghazni

Taliban har dei siste dagane òg vore på offensiven i provinsane Ghazni, Zabul og Baghlan.

I Ghazni erobra dei ein tryggingspost i provinshovudstaden, og fleire tital soldatar frå regjeringsstyrkane deserterte og slutta seg til opprørarane, ifølgje lokale politikarar.

Taliban har allereie kontroll over halvparten av distrikta i Ghazni-provinsen.

Angripar vegsperringar

I Zabul-provinsen har Taliban angripe vegsperringar rundt hovudstaden Qalat gjentekne gongar dei siste fire dagane. To slike vegsperringar vart erobra av opprørarane, ifølgje provinsråd Atta Jan Haq Bayan.

I tillegg vart ni soldatar drepne og fleire andre tekne til fange då opprørarar angreip ein militærbase i Baghlan-provinsen.

Pentagons talsmann John Kirby tonar ned kampane og seier dei ikkje har sett noko som får verknad for tilbaketrekkinga.

USA innleidde 1. mai tilbaketrekkinga av dei attverande 2500 soldatane i Afghanistan. Alle skal vere ute innan 10. september, nesten 20 år etter at dei først gjekk inn for å kjempe mot Taliban og Al Qaida. Også styrkane frå andre land blir trekte ut innan hausten.

LES OGSÅ: Krigen i Afghanistan har hatt en høy pris

En kvinnelig amerikansk soldat tar avskjed med seks medsoldater som ble drept i et angrep i Afghanistan i 2015

TOK FARVEL: En amerikansk soldat hilser til seks falne soldater etter et selvmordsangrep i 2015.

Foto: Tech. Sgt. Robert Cloys / AP / NTB

SISTE NYTT

Siste nytt