Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 3. juni

• Sår tvil om DNA-bevis frå Baneheia
• 1600 soldatar til Washington
• Skal granske politiet i Minneapolis

Viggo Kristiansen og Baneheia

FELT AV DNA-BEVIS: Viggo Kristiansen vart dømt til 21 år i forvaring for valdtekt og drap på to småjenter i Baneheia i mai 2000. No sår ein ny sakkunnig tvil om bevisa.

Foto: NRK/NTB-Scanpix

Ny rapport sår tvil om DNA-bevis frå Baneheia

Den nye sakkunnige for Gjenopptakingskommisjonen har gått gjennom DNA-bevisa i dobbeltdrapssaka frå 2000.

Rettsgenetikar Frederik Torp Petersen ved Rettsmedisinsk institutt i København konkluderer med at han ikkje ville rapportert DNA-analysane som bevis i ei straffesak.

1600 soldatar til Washington

Om lag 1600 soldatar er sende til hovudstadsområdet Washington D.C etter fleire dagar med protestar, opplyser Pentagon. Ein talsmann i forsvarsdepartementet seier til Reuters at soldatane er utplasserte på militærbasar rundt byen.

Trass i portforbodet i hovudstaden, samla hundrevis av demonstrantar seg i natt utanfor Det kvite huset.

Forsvarsminister Mark Esper har bede fleire delstatar sende deler av nasjonalgarden til Washington D.C. for å halde vakt. Fleire guvernørar har nekta å gjere det.

Demonstranter kneler i Washington DC 2. juni 2020

BRAUT PORTFORBOD: Då portforbodet trådde i kraft klokka 19 lokal tid, knelte demonstrantane, og ropte «slik ser demokrati ut» og «vi flytter oss ikkje».

Foto: ALEX WONG / AFP / NTB Scanpix

Skal granske politiet i Minneapolis – guvernøren lover oppgjer med rasisme

Styresmaktene i delstaten Minnesota skal granske politiet i byen Minneapolis etter dødsfallet som har utløyst demonstrasjonar og opptøyar over store delar av USA.

Departementet for menneskerettar i den amerikanske delstaten skal undersøkje rutinane til politiet dei siste 10 åra.

Målet er å finne ut om etniske minoritetar systematisk har vorte diskriminerte, og korleis dette eventuelt kan endrast.

Politifolk i Minneapolis 27. mai 2020

UNDER LUPA: Politiet i Minneapolis skal granskast for systematisk rasisme dei siste ti åra.

Foto: Jim Mone / AP/NTB Scanpix

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no