Einige om Biden si infrastrukturpakke
I USA er republikanarar og demokratar samde om dei viktigaste delane av president Joe Biden si gigantiske plan for investeringar i ny infrastruktur. Pakka som er på nær 1000 milliardar dollar, vart vedtatt i Senatet i natt med stemmene til 67 av 100 senatorar. Debatten om detaljene i pakka skal halde fram i Senatet.
Pengane skal gå til motorvegar, bruer, vatn og avløp, breiband og andre offentlege tenester. Den er den største investeringa i infrastruktur i USA på nærare 100 år.
Borch klar for OL-finale
Roaren Kjetil Borch (31), Noregs einaste attverande medaljehåp i roing i Tokyo-OL, vann semifinalen sin i singlesculler i natt og er klar for finale. Finalen går fredag og er den siste og avsluttande dagen med roing under sommarleikane i Japan.
Med tida 6.42.92 i sterk vind tok Hortens-roaren Kjetil Borch seg greitt vidare frå semifinalen.
Foto: Lise Åserud / NTBJordskred og flaum i Nord-Italia
Kraftig regnvêr har ført til store øydeleggingar i fleire regionar i Nord-Italia. Flaumvatn har ført med seg trær, steinar og gjørme som har øydelagt vegar og trengt inn i hus. Brannfolk har måtta redde minst 60 menneske som har vore innesperra i heimane sine.
I Lombardia er det erklært unntakstilstand i fleire provinsar, inkludert Varese, Como og Lecco.
Øydelagde bilar i gjørmehavet i byen Laglio ved Como-sjøen i Italia.
Foto: Claudio Furlan / AP / NTB