Fotograf skoten på filminnspeling
Ein kvinneleg fotograf er død og ein mann skadd etter ei skyteulukke under innspeling av den nyaste filmen til Hollywood-stjerna Alec Baldwin.
Ifølgje politiet var det Baldwin sjølv som fyrte av skotet. Ulukka skal ha skjedd då eit våpen med lausskot vart fyrt av ved ein feil.
Svensk rapstjerne skoten i Stockholm
Ein 19-årig mann vart skoten og drepen i natt sør i Stockholm, opplyser svensk politi. Ifølgje Expressen dreier det seg om den 19 år gamle rapartisten Einár. Natt til fredag brukte politiet helikopter i søk etter gjerningspersonar. Ingen er arresterte så langt.
Den svensken rapparen Nils Kurt Erik Einar Grönberg, med kunstnarnamnet Einár, vart drepen i Stockholm i natt.
Foto: Pontus Esse Carmback CC BY 3.0Dobling i koronasmitta
Det siste døgnet er det registrert 748 nye koronatilfelle i Noreg. Det er 392 fleire enn førre torsdag. I Oslo er smittetala også dobla det siste døgnet.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 503 nye koronatilfelle her i landet per dag. Tilsvarande snitt for ei veike sidan låg på 399, så trenden er igjen stigande.
Torsdag var 121 koronapasientar innlagde på sjukehus, tre fleire enn dagen før. 32 av pasientane ligg på intensivavdeling.