Hauststorm herja på Vestlandet
Fleire tusen vart utan straum og andre vart isolerte av ras då hauststormen fôr over Vestlandet i natt. Det kom 133 naturskademeldingar til Vest politidistrikt. Utanfor Askvoll i Sogn og Fjordane var det svært vanskelege forhold då fire personar vart redda ut av ein fraktbåt som hadde gått på land og begynt å brenne.
- Les meir:
Båt i brann utanfor Askvoll i Sogn og Fjordane.
Foto: Steinar BaugeSkadd jeger flydd til Ullevål
Eit redningshelikopter henta ut ein skadd jeger og flaug han til Ullevål sjukehus. Dårleg vær hindra lenge at luftambulansen og redningshelikopteret kom frem til ulykkesstedet i Rauland i Vinje kommune. Det er førebels uklart kva som skjedde då mannen fekk skotskader i andletet på jakttur.
- Les meir:
Jegeren blei henta av redningshelikopter frå Rauland i Vinje kommune.
Moon ber koreanarne legge ned fiendskapen
Sør-Koreas president Moon Jae-in ber i ein tale i Pyongyang den nordkoreanske og sørkoreanske befolkninga om å ikkje lenger leve separert, men bygge ei framtid saman. Han oppmoda til å avskaffe fiendskapen mellom landa og ta eit stort steg mot fred.
F.v. Sør-Koreas leiar Moon Jae-in er for tida på vitjing hjå Nord-Koreas leiar Kim Jong Un.
Foto: Pyongyang Press Corps Pool / AP