Hopp til innhold

Kraftig vind har teke straumen frå fleire tusen

Fleire tusen husstandar er utan straum på Vestlandet.

Trær veltet i Sælenveien

VELTA TRE: Fleire velta tre har teke straumen frå tusenvis av Vestlendingar i kveld. Mange kan bu seg på ei natt utan straum.

Foto: Stig Spenningsby

BKK har åleine under 10.000 råka abonnentar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Av desse er over 700 i Gulen og over 50 i Høyanger.

– Dei fleste stadane er det snakk om store tre som står utanfor det vi kallar ryddebeltet, som har falle over linjenettet, seier konserndirektør for kommunikasjon, Tonny Nundal.

Krevjande forhold

Tonny Nundal i BKK

BKK: Tonny Nundal, konserndirektør Kommunikasjon i BKK, seier mannskapet deira jobbar på spreng med å rette feil. – Men det er krevjande forhold og vi kan ikkje setje tryggleiken til mannskapet vårt på spel, seier han.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Stormen har i kveld herja i fjellet og langs kysten av Vestlandet. Fleire vegar er stengde av ras og velta tre. Nundal fortel om krevjande forhold for mannskapa.

Spesielt områda Lindås, Radøy og Osterøy.

– Utfordringa, spesielt i Nordhordland, er stengde vegar slik at mannskapet ikkje kjem fram. Det er også utfordrande når det er mørkt og bles så kraftig som no. Enkelte stader har det blåst så kraftig at det ikkje har vore forsvarleg å gå ut av bilane, seier han.

Utan straum i natt

Sunnfjord Energi opplyser på sine nettsider at dei har 750 kundar utan straum i kommunane Solund, Gaular, Fjaler, Hyllestad, Førde og Naustdal. I tillegg har Sogn og Fjordane Energi feil på linjenettet i Bremanger og Gloppen.

I Gloppen kan råka kundar på Nordstranda bu seg på å vere utan straum til i morgon tidleg.

– Montørane våre har funne feilen, det er ei avsliten fase som ligg på bakken. Grunna vanskeleg terreng, nattemørke og kraftig vind, vil dette ta tid å utbetre, skriv selskapet på nettsidene sine.

Også enkelte av BKK sine kundar kan bu seg på å vere utan straum gjennom natta.

– Kundar som blir utan straum i natt vil få varsel om dette på SMS, seier Nundal.

NB! Denne saka er oppdatert med nye tal per klokka 00:52.