Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 15. april

• 599 nye koronatilfelle siste døgn
• USA forlengjer J&J-vaksinepause
• Canada gir opphald til 90.000

Pakninger med vaksine fra Johnson & Johnson

Vaksinering med vaksinen frå Johnson & Johnson er sett på vent i USA i minst ei vele til.

Foto: Joseph Prezioso / AFP / NTB

599 nye koronatilfelle siste døgn

Siste døgn er det registrert 599 nye koronasmitta i Noreg. Det er 140 færre enn dagen før og 334 færre enn for ei veke sidan. I Oslo vart det registrert 150 nye tilfelle.

Onsdag var 261 koronapasientar innlagde på sjukehus, åtte færre enn dagen før.

I alt har 897.511 personar fått første dose av koronavaksinen, og 296.980 har fått andre dose.

USA forlengjer J&J-vaksinepause

Amerikanske helsestyresmakter forlengjer pausen i vaksineringa med Johnson & Johnson-vaksinen med minst ei veke. Det amerikanske folkehelseinstituttet CDC kjem ikkje med nokon ny vurdering før om minst ei veke. Vaksineringa vart sett på vent tysdag etter fleire tilfelle av blodproppsymptom.

Canada gir permanent opphald til 90.000

Canada gir permanent opphald til meir enn 90.000 utanlandske studentar og arbeidstakarar som har hjelpt til under koronapandemien.

Ei rekkje innvandrargrupper blir omfatta av programmet, mellom dei arbeidstakarar som har minst eitt års arbeidserfaring innan helsehjelp eller eit tital andre sektorar som blir rekna som essensielle, mellom anna butikkmedarbeidarar, lastebilsjåførar og gardsarbeidarar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no