Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 14. april

• To brannskadde på Jæren
• Ny natt med protestar i Minneapolis
• 739 nye koronasmitta siste døgn – 244 i Oslo

Tåregass i Minneapolis 12.04.2021

TÅREGASS: For tredje natta på rad har det vore demonstrasjonar i Minneapolis etter drapet på ein ung, svart mann. Over 1000 deltok i protesten. Politiet svarte med tåregass.

Foto: LEAH MILLIS / Reuters / NTB

Mann og kvinne brannskadde på Jæren

To personar er frakta til sjukehus i Stavanger med til dels alvorlege brannskadar i ansikt og på kroppen.

Dei to fekk skadane i eller ved eit bustadhus på Orre på Jæren ved totida, men det skal ikkje ha vore brann i huset. Det er uklart korleis skadane oppstod, opplyser politiet.

Ny natt med protestar i Minneapolis

For tredje natta på rad har det vore demonstrasjonar i Minneapolis i strid med portforbodet som er innført etter at 20-årige Daunte Wright vart skoten og drepen av ei politikvinne på sundag.

Meir enn 1000 demonstrantar er samla framfor politistasjonen i byen der det er sett opp sperringar i betong. Politistasjonen er vakta av politi i opprørsutstyr og soldatar frå nasjonalgarden.

Politikvinna, Kim Potter, og politisjefen i byen, Tim Gannon, har begge sagt opp stillingane sine. Ordførar Mike Elliott har utpeikt Tony Gruenig til ny politisjef i byen.

739 nye koronasmitta siste døgn – 244 i Oslo

Det siste døgnet vart det registrert 739 nye koronatilfelle i Noreg. Det er 91 fleire enn måndag, men 161 færre enn førre tysdag. 269 koronapasientar er innlagde på sjukehus, 19 færre enn måndag.

I Oslo vart det registrert 244 nye koronatilfelle tysdag. Framleis er smittetrykket tyngst i Stovner bydel.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no