Hopp til innhold

To personar til sjukehus med brannskadar: Mann sikta for kroppsskade

Ein mann og ei kvinne frå bygda Orre i Klepp er sende til sjukehus med til dels alvorlege brannskadar. Det er framleis uklart korleis dei har fått skadane.

Hendelse på Orre

UNDERSØKING: Kriminalteknikarar skal onsdag undersøke bustaden.

Foto: Tipser

Sør-Vest politidistrikt fekk melding om saka rett etter klokka to natt til onsdag.

– Det blei meldt frå plassen at det var personar som hadde brannskade eller brannskadar. Det var i det heile tatt ei uklar melding, men vi sende alle tre naudetatane, seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i Sør-Vest politidistrikt til NRK.

Sikta for kroppsskade

På adressa kom politiet i kontakt med to personar som begge hadde skadar som var i samsvar med brannskadar. Dei var skadde på kroppen og i ansiktet.

Men det har ikkje vore brann i bustaden, seier Fenne-Jensen.

– Per nå er det framleis uklart korleis dei har fått desse brannskadane. Det har ikkje vore brann i bygningen. Det har ikkje latt seg gjere å få forklaringar frå dei to involverte, seier han.

Onsdag føremiddag er mannen sikta for kroppsskade, får NRK opplyst. Mannen er hardast skada og er sendt vidare til Haukeland universitetssjukehus for behandling.

– Vi jobbar med å finne ut kva som har skjedd, for det er førebels uklart. Siktinga er basert på dei opplysningane han sjølv gav på åstaden etter hendinga, seier jourhavande politiadvokat Per Terje Brundtland til NRK.

Til dels alvorlege skadar

Dei to personane er ei kvinne i 40-åra og ein mann i 30-åra, og begge er kjent av politiet frå før.

Dei to blei først sende til Stavanger universitetssjukehus (SUS) med til dels alvorlege brannskadar i ansiktet og på kroppen. Kvinna får framleis behandling i Stavanger.

– Vi har folk på sjukehuset for å få avklart skadeomfang og behandlingsforløp for dei involverte. Vi vil òg prøve å få avhøyr av fornærma og gjere intervju med naboar, seier Brundtland.

Kriminalteknikarar er på staden for å undersøka bustaden.

– Det er ulike hypotesar på det som kan ha skjedd. Men vi er avhengige av å få dei to involverte i tale i form av eit avhøyr, seier Fenne-Jensen.

Ifølgje NTB var det kvinna som tok kontakt med politiet.

Laster Twitter-innhold