Ber om avklaring frå Ap, Sp og SV
Høyre vil starte bygginga av ny veg over Strynefjellet i løpet av den første seks-årsperioden i Nasjonal transportplan. Det seier leiaren i Stortingets sin transportkomite, Helge Orten (H).
Orten er overtydd om at dei borgerlege partia vil kome fram til semje om dette
Brannen i ein av tunnellane i går aktualiserer behovet for ny veg, seier Orten. No ber han dei raud-grøne partia avklare kva prioriteringar dei vil gjere dersom dei dannar regjering.
Dersom SV får gjennomslag for ei kraftig omprioritering frå veg til jernbane så vil det ramme prosjekt som Strynefjellsvegen, meiner Orten.