Det utbrente vraket er no frakta ut av tunnelen, uvisst når den kan opne igjen
NRK møtte Michael Benjamins på austsida av Oppljostunnelen på Strynefjellet no i ettermiddag.
Han er frå Nederland, men bur i Volda, og hadde besøk av familie frå heimlandet. Dei var i alt fem personar i bilen.
– Eg køyrde bilen og prøvde å gire, men det virka ikkje. Så brått kom det mykje røyk frå motorrommet på bilen. Vi såg at det kom flammar ut av bilen. Då forstod vi at vi måtte kome oss ut, fortel Benjamins.
UTBRENT: Alle fem personane klarte å kome seg av bilen, før flammene tok heilt overhand.
Foto: Bengt Flaten / FjordingenFleire bilar i tunnelen
I løpet av sekundar kom dei seg ut av den brennande bilen og fekk hoppa inn i ein annan bil som kom til.
– Dei ropte «kom dykk ut av bilen og hopp inn». Vi tenkte ikkje, vi gjorde berre det vi måtte, fortel sjåføren.
Det var fleire bilar bak den brennande Renaulten han køyrde, men alle fekk snudd raskt og kom seg ut av tunnelen.
– Korleis reagerte dei du hadde med deg i bilen?
– Det skjedde så fort. Det blei hyling og grining, men vi kom oss ut.
HEILT UTBRENT: Bilen som brann i tunnelen.
Foto: Benedikte Grov / NRKStorutrykning
Naudetatane fekk melding om brannen klokka 13.19, klokka 14:51 melde politiet at brannen i personbilen er sløkt.
Brannen blei meldt frå folk som var på staden. Brannmannskap frå både Nordfjord og Otta rykte ut, saman med fleire politipatruljar, luftambulanse og rendingshelikopter.
– Dei involverte er undersøkt av helse og er uskadd. Blir tilbudt leigebil slik at dei kjem seg dit dei skal, seier innsatsleiar, politioverbetjent Tor Egedahl.
Statens vegvesen skal inn og vurdere om det er forsvarleg å opne tunnelen, eller om tunnelen blir stengt.
Små køyretøy kan køyre rundt via Gamle Strynefjellsveg, tyngre bilar må finne andre ruter.
Vil framleis på tur
Tunnelen går mellom Langevatnet i Skjåk og Grasdalen i Stryn på riksveg 15 og er 4,5 kilometer lang.
For den nederlandske familien blei dagsturen til Geiranger noko heilt anna enn det dei hadde tenkt.
Då NRK snakka med dei venta dei framleis på svar å kva dei skulle gjere vidare.
– Vi håpar at vi kan få ein ny bil. Eg har jo lyst å vise familien min Vestlandet, seier Benjamins.
DRAMATISK: Viftene er no snudd og dreg no røyken ut på Strynesida, medan redningsinnsats blir sett inn frå austsida.
Foto: Bengt Flaten / Fjordingen