Biden stiller til attval som president
Den amerikanske presidenten Joe Biden (80) har formelt kunngjort sitt kandidatur til presidentvalet i 2024, melder Reuters.
– Kvar generasjon har ein augneblink der dei må stå opp for demokratiet, og for fundamentale rettar. Eg meiner dette er vår – og difor stiller eg til attval som den amerikanske presidenten, skriv Biden på Twitter.
Biden har ved fleire høve sagt at han ville stille til val som demokratane sin kandidat, men det er fyrst no kunngjeringa er offisiell. Både den sittande presidenten og visepresident Kamala Harris har sagt at dei vil stille saman.