Bergensbanen åpnet igjen etter skred
Bergensbanen åpnet igjen klokka 22.30 lørdag kveld. Snøskred stengte banen natt til fredag.
– Trafikken er i gang igjen etter tidligere snøras, men du må fortsatt regne med noen forsinkelser, melder Bane Nor.
Bergensbanen går mellom Oslo og Bergen.
Bergensbanen åpnet igjen klokka 22.30 lørdag kveld. Snøskred stengte banen natt til fredag.
– Trafikken er i gang igjen etter tidligere snøras, men du må fortsatt regne med noen forsinkelser, melder Bane Nor.
Laurdag kveld opplyser Bane Nor at Bergensbanen truleg vil opna klokka 22. Bergensbanen har stått sidan fredag, då det gjekk eit snøras mellom Hallingskeid og Myrdal. Bane Nor skriv at oppryddingsarbeidet har vore stort.
– Status no er at mykje snø er sprengt bort i løpet av dagen for å sikra at det ikkje går nye ras. Etter at rasstaden var sikra, har arbeidet med å rydda unna snø gått bra, opplyser pressekontakt Gunnar Børseth til BT.
Oppryddingsarbeidet etter raset på Bergensbanen har vore utfordrande, men no trur Bane Nor at dei kan klare å opne banen igjen laurdag kveld.
– Det har gått nye ras i området i løpet av natta, noko som har skapt utfordringar for oppryddingsarbeidet, seier pressekontakt Gunnar Børseth til Bergens Tidende.
Togtrafikken mellom Oslo og Bergen er stansa inntil vidare etter raset på Bergensbanen natt til fredag. Det er ikkje kjent kva som vil skje med avgangane laurdag morgon.
Geologar er på plass for å vurdere om det er trygt å fjerne skredmassane, skriv Bergensavisen. Bane Nor har varsla at ryddearbeidet truleg vil ta mange timar.
Snøskredet på Store Kleven på Bergensbanen gjekk over sporet og eit snøoverbygg. Kring 180 togpassasjerar måtte overnatte på Myrdal stasjon på grunn av skredet. Dei vart fredag morgon frakta vidare til Bergen med buss. – Vi har folk på rasstaden, men vi må undersøke og vere sikre på at det ikkje går nye skred før vi byrjar arbeidet på staden, opplyser pressesjef Anne Kirkhusmo i Bane Nor.
Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.