Hopp til innhold

Tog stod straumfast i tunnel i to timar. Dette var do-tilbodet til passasjerane: – Ikkje til å tru

Eit straumlaust tog med 215 personar om bord måtte torsdag kveld bergast ut av ein tunnel på Bergensbanen. Passasjer tar kraftig oppgjer med beredskapen.

Papptoalett blei tatt i bruk under strømstans på Bergensbanenn

PAPPDO: Dette var dotilbodet som møtte tissetrengde passasjerar på Bergensbanen torsdag kveld.

Foto: Privat

Siste: Rundt klokka 19.45 køyrde toget vidare frå Myrdal stasjon i retning Bergen. Eit dieseldrive hjelpelokomotivet trekte toget fram til Myrdal stasjon.

Like før klokka 17 stansa dagtoget frå Oslo til Bergen mellom Myrdal og Hallingskeid på Bergensbanen.

Toget blei ståande bom fast inne i ein av tunnelane på den 21 kilometer lange strekninga.

NRK har vore i kontakt med ein passasjer som fortel om ein kaotisk situasjonen i mørklagde vogner.

– Ingen WiFi, ingen 4G, dører er låste og toalett er låste. Fleire passasjerar er redde og det er dårleg med informasjon. Dette er ikkje bra, seier Rolf Reksten Sunde.

STRAUMSTANS: Den 21 kilometer lange strekka på høgfjellet er utan straum torsdag kveld. Dagtoget frå Oslo må trekkast fram til Myrdal av eit hjelpelokomotiv.

– Skjønar at det ikkje er enkelt

Klokka 17.55 opplyser pressevakt Harry Korslund at det er konstatert ein feil på kontaktledningsanlegget.

– Det er uvisst kva som er årsaka til feilen. Mannskap er kalla ut for å feilsøka og er venta å koma til Myrdal cirka klokka 18.10, seier Korslund.

Den reisande NRK har vore i kontakt med seier dørene først blei opna klokka 18, for å gi passasjerane frisk luft.

– Det er klart at utan straum, på høgfjellet, inne i ein tunnel og ikkje vita når ein kjem seg vidare, så skjønar eg det ikkje er enkelt. Vy gjer det me kan for at det skal vera best mogleg forhold for dei reisande, seier kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy.

Dei reisande fekk delt ut vassflasker og energibarar.

Vy sine tog er utstyrt med varmeteppe og andre basisvarer i slike situasjonar, fortel Lundeby. Men dei har ingen plan for å redda folk ut dersom ein blir ståande fast inne i ein tunnel.

– Det er Bane Nor som står for den redningsoperasjonen. Me har utstyr og andre ting for passasjerane i vognene, men å få dei ut, har me ikkje noko eiga apparat for.

Stømløst tog står fast i tunnel på Bergensbanen

MØRKLAGT: Kupeane var mørklagde under straumbrotet. Passasjerane fekk utdelt vatn og energibar.

Foto: Privat

Skuffa over beredskapen

Sunde understrekar at stemninga om bord var roleg. Men han overhøyrde fleire som var urolege og redde over situasjonen.

– Det var ikkje alle som var like happy. Fleire følte seg ikkje trygge og etterspurde informasjon.

Han meiner personalet om bord ikkje gav god nok informasjon til passasjerane.

– Den duger ikkje i det heile tatt. Det var ikkje sakleg informasjon, men fleiping om at me var utan straum og at me fekk sjå kva som skjedde. Det er ikkje slik som ein seier når ein har ansvaret for tryggleiken om bord, meiner Sunde.

Han er også sterkt kritisk til naudprosedyrane om bord. Alle toalett blei stengde som følger av at dei ikkje fungerte utan straum. Det var heller ikkje tilstrekkeleg med lys, ifølge Sunde.

Som eit resultat av at toaletta var ute av drift, sette personalet fram papptoalett på eit handikaptoalett. På det eine stod det «ladies» med sprittusj.

Ifølge Sunde var køen lang. Då personalet delte ut vassflasker bad dei ifølge togpassasjeren folk om å spara på det fordi toaletta ikkje fungerte.

– Det er nesten ikkje til å tru at dette er tilbodet. Det er mildt sagt overraskande, meiner Sunde.

Åge-Christoffer Lundeby i Vy

KOMMUNIKASJONSSJEF: Åge-Christoffer Lundeby i Vy.

Foto: Christian Nicolai Bjørke/NRK

Papp-toalett: – Fast prosedyre

Kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby seier på generelt grunnlag at det er vanskeleg å gi samordna informasjon i eit slikt scenario. Høgtalarsystemet fungerer heller ikkje utan straum og personalet må gi informasjonen enkeltvis på veg gjennom toget.

– Eg har framleis ikkje snakka med nokon om bord, og kan verken avkrefta eller bekrefta nokon av dei opplevingane passasjeren har hatt, seier han.

På kritikken frå Sunde om toalettfasilitetane svarar han slik.

– Utfordringa er at toaletta ikkje fungerer når toget er utan straum. Etter prosedyren stenger me difor toaletta. Dette er naudtoalett i papp som blir brukt i forsvaret. Me har det liggande i slike situasjonar, for å tilby nokon å gå på do sjølv om fasilitetane ikkje fungerer, seier Lundeby.

– Hadde det ikkje vore betre å la toaletta vera opne sjølv om ein ikkje kunne trekka ned?

– Prosedyren er at me ikkje brukar toaletta ved straumstans. Då blir det til at ein nyttar toaletta «oppå» den som besøkte toalettet i førevegen.

– Det gjer ein vel også i dette tilfellet?

– Det har med avstanden å gjera. Den er ganske mykje større ved bruk av toaletta i papp, seier Lunde.

Han viser til at personalet ikkje kan sleppa folk av toget for å gå på do.

– Ein straumstans på høgfjellet kan vera så mangt. Det kan dreia seg om ein kritisk situasjon, dersom ein straumførande kabel til dømes ligg nede og som passasjerar kan koma i kontakt med.

Tog på Bergensbanen ved Myrdal

ARKIVBILETE: Tog passerer Myrdal på Bergensbanen. Det er uvisst kva tunnel toget står fast i.

Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix

Hjelpelokomotiv sett inn

Like før klokka 18 bestemte Bane Nor å rekvirera eit hjelpelokomotiv. I løpet av halvannan time hadde det dieseldrivne lokomotivet trekt det straumlause toget ut av tunnelen og fram til Myrdal stasjon.

Der blei det ståande i rundt tre kvarter før det køyrde vidare mot Bergen.

– Eg forstår at enkelte opplever det som ei ekstra belastning å bli ståande inne i ein tunnel. Det er noko med tunnelar som verkar ekstra inn på enkelte. Trøysta får vera at dei er i trygge hender, og at det ikkje er mindre trygt å bli ståande inne i ein tunnel, seier Korslund til NRK.

Det er uklart kva som er årsaka til straumstansen. Klokka 20 er det framleis uklart når Bergensbanen kan opnast for vanleg trafikk.

Torsdag ettermiddag stod eit anna tog fast mellom Bergen og Arna. Natt til tysdag blei nattoget frå Bergen til Oslo forseinka med tre timar. Årsaka skal ha vore at eit tunglasta vestgåande godstog sleit med å koma seg opp stigninga.