Barn av IS-kvinner blir varetatt

Alle barna til dei tre IS-kvinnene som kom frå Syria til Sverige måndag, er no tatt hand om av sosialtenesta, skriv SVT. Kvinnene kom til Stockholm saman med seks barn. Dei har vore i fangeleiren al-Roj, men er no utvist frå Syria. To av dei tre kvinnene er arrestert, mistenkt for mellom anna krigsbrotsverk.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no