Hopp til innhold

– Eit angrep på demokratiet

Fleire nederlandske politikarar har uttrykt sjokk og sorg etter attentatet mot krimjournalisten Peter de Vries. Visestatsminister Kajsa Ollongren kallar attentatet eit angrep på demokratiet og rettsstaten. Ho skriv på Twitter at den frie journalistikken er ein integrert del av demokratiet.

Kong Willem-Alexander og dronning Maxima uttrykker og si medkjensle på Twitter og Facebook. Dei strekar under at journalistar «bør få utføre det viktige arbeidet sitt fritt og utan truslar».

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no