Hopp til innhold

Nederlandsk krimjournalist skoten på gata etter TV-program

Den kjente journalisten Peter R. de Vries er kritisk skadd etter å ha blitt skoten på gata i Amsterdam. Tre mistenkte er arrestert.

Peter R. de Vries

Peter de Vries ligg alvorleg skadd på sjukehus etter at han vart skoten ned på open gate tysdag kveld. Bildet er frå 2008.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Den 64 år gamle profilerte krimjournalisten er køyrd til sjukehuset med alvorlege skadar, ifølgje politiet i Amsterdam.

Politisjefen i Amsterdam, Frank Paauw, opplyste på ein pressekonferanse i tysdag kveld at tre personar er arresterte. To av dei vart stoppa i ein bil, medan den tredje vart stoppa ein annan stad i byen. Politiet meiner gjerningsmannen er blant dei tre arresterte.

Ifølgje avisa Het Parool vart de Vries skoten på kloss hald og treft i hovudet. Tilstanden hans blir karakterisert som kritisk.

Lange Leidsedwarsstraat i Amsterdam hvor den nederlandske journalisten Peter R. de Vries ble skutt.

Nederlandsk politi har sperra av gata der Peter de Vries vart skoten tysdag kveld.

Foto: Evert Elzinga / AFP

Skoten utanfor TV-studio

Skytinga fann stad på Lange Leidsedwarsstraat nær Leidesplein i sentrum av Amsterdam rundt klokka 19.30.

Åstaden ligg utanfor eit TV-studio der programmet RTL Boulevard blir spelt inn. Peter R. de Vries var gjest i programmet og vart skoten då han kom ut av bygningen.

De Vries vart liggande på ryggen på gata med ansiktet dekt av blod medan folk stimla til for å hjelpe.

Ei kvinne som bur i nabolaget høyrde fleire skot og gjekk ut for å sjå kva som hadde skjedd. Ho fortel til Het Parool at de Vries ikkje klarte å fortelje kva som hadde skjedd, men at han var medveten og at ho heldt han i handa fram til sjukebilen og politi var framme.

Ifølgje augevitne vart det fyrt av fem skot. Fleire har og rapportert at ein person med skytevåpen flykta i ein bil.

Fleire delte videoar av det som skjedde på sosiale medium, men dei fleste videoklippa vart fjerna etter kort tid på oppfordring frå politiet. Ifølgje Rachid Finge som er kommunikasjonssjef for Google og Youtube i Nederland, dreier det seg om fleire hundre videoar, skriv Het Parool.

Onsdag morgon kunne politiet ikkje seie noko meir om motivet eller omstenda rundt skytinga.

Politi på stewdet der den kjente nederlandske krimjournalisten Peter R. de Vries ble skutt på gaten i Amsterdam i Nederland.

Politi undersøkjer staden der den kjende nederlandske krimjournalisten Peter R. de Vries vart skoten i Amsterdam.

Foto: EVA PLEVIER / Reuters / NTB

Fleire drap

De Vries vart skoten rett etter han hadde delteke i programmet RTL Boulevard som rådgjevar for eit av aktoratet sine stjernevitne i saka mot den mistenkte narkotoppen Ridouan Taghi, skriv NL Times.

Taghi vart arrestert i Dubai i desember 2019 og utlevert til Nederland nokre dagar etter.

Saka mot marokkanskfødde Taghi inkluderer fleire drap på open gate i Nederland, samt drapsforsøk og drapsplanar.

Vitnet som de Vries støtta, er namngjeven som Nabil B.

Nabil B. sin advokat, Derek Wiersum, vart skoten og drepen utanfor heimen sin i september 2019 etter at han fleire gongar kravde betre tryggingstiltak for seg sjølv og klienten.

I tillegg vart Nabil B. sin bror drepen då det vart kjent kven som var aktoratet sitt vitne i Taghi-saka.

 Peter R. de Vries avbildet 15. februar 2019.

Peter R. de Vries er ein av Nederlands mest kjende journalistar.

Foto: Bas Czerwinski / AFP

Vann Emmy

Peter R. de Vries har vore ein hyppig gjest på nederlandsk fjernsyn. Han har og hatt sitt eige TV-program.

I 2008 vann han ein Emmy ved den årlege TV-prisutdelinga i USA for arbeidet med å undersøkje drapet på den amerikanske tenåringen Natalee Holloway. Ho vart borte på den nederlandske karibiske øya Aruba i 2005.

De Vries er fleire gongar blitt truga på livet og har i periodar hatt livvaktar frå politiet.

Som journalist dekte de Vries bortføringa av Heineken-toppsjefen Freddy Heineken i 1983. Heineken vart bortført av Willem Holleeder, ein kjend nederlandsk forbrytar.

Boka som de Vries skreiv om saka, vart seinare filmatisert med Anthony Hopkins i ei av rollene.

I 2016 melde gravejournalisten gangsteren til politiet for å ha kome med dødstruslar. Tre år seinare vart Holleeder dømd til livsvarig fengsel for mellom anna fem mord.

Dei seinare åra har de Vries arbeidd mest med gamle, uoppklara saker.

– Er ikkje redde for noko

Statsadvokat René de Beukelaer sa tysdag kveld under ein pressekonferanse frå politihuset i Amsterdam at dei kriminelle som står bak, tydelegvis ikkje er redde for noko.

– Krimmiljøet har hardna til, og det som har skjedd viser at dei ikkje lar seg stoppe av noko, seier han.

Borgarmeister Femke Halsema sa på pressekonferansen at angrepet på de Vries var «ei brutal og feig handling».

– Han er ein nasjonal helt. Ein sjeldan modig journalist som søkte rettferd, sa borgarmeisteren.

Ho gav ikkje meir informasjon om helsetilstanden til de Vries, utover at «han kjempar for livet».

– Angrep på demokratiet

Fleire nederlandske politikarar har uttrykt sjokk og sorg etter attentatet.

Statsminister Mark Rutte fordømmer angrepet. Visestatsminister Kajsa Ollongren seier på Twitter at angrepet på de Vries er eit angrep på demokratiet, og at den frie journalistikken er ein integrert del av demokratiet.

Kong Willem-Alexander og dronning Maxima uttrykker og si medkjensle på Twitter og Facebook. Dei strekar under at journalistar «bør få utføre det viktige arbeidet sitt fritt og utan truslar».