Siste nytt – NRK

Hopp til innhold
  • Begge bilistene nektet å rygge - endte med anmeldelse

    – Fleksnes rider igjen, skriver oslopolitiet på X.

    På Galgeberg i Oslo møttes to biler på en smal vei, og begge sjåførene nektet å rygge.

    Det endte med trusler om vold og skadeverk på en av bilene.

    Den ene sjåføren hadde heller ikke førerkort, og blir anmeldt.

  • Armenias statsminister kritisk til russiske styrkar

    Statsminister Nikol Pasjinjan i Armenia spør kvifor russiske fredsbevarande styrkar ikkje klarte å hindre Aserbajdsjans offensiv mot Nagorno-Karabakh.

    – Vi åtvara om dette. Kvifor oppfylte dei ikkje dei fredsbevarande funksjonane sine, sa Pasjinjan i ein TV-tale torsdag.

    Han peika på at russarane etter kvart klarte å forhandle fram ein våpenkvileavtale.

    – Kvifor klarte dei ikkje å forhandle fram ein avtale for å hindre angrepet på Nagorno-Karabakh?

    Aserbajdsjans offensiv byrja tysdag. Eit døgn seinare hadde aserbajdsjanske styrkar teke kontroll over heile den omstridde regionen Nagorno-Karabakh. Dei etnisk armenske separatistane som hadde styrt deler av regionen sidan 1990-talet, valde å overgi seg.

    Offensiven vart igangsett trass i russiske fredsbevarande styrkar som var stasjonerte i Nagorno-Karabakh. (NTB)

  • F-35 landet på motorvei

    To stk F-35A fra Ørland Flystasjon landet klokka 1500 på en motorvei i Tervo i Finland. Ikke fordi de måtte, men fordi de skulle øve.

    - Kampfly er sårbare på bakken, så ved å kunne bruke småflyplasser – og nå også motorveier – øker vi overlevelsesevnen i krig, sier generalmajor Rolf Folland, sjef for Luftforsvaret.

    F-35 lander på motorvei i Finland
    Foto: Eivind Byre / Forsvaret
  • Canada ber India samarbeide om etterforsking

    Den kanadiske statsministeren Justin Trudeau ber India om å samarbeide etter drapet på separatistleiaren Hardeep Singh Niijar.

    – Det er ei alvorleg sak som nettopp må takast på alvor. Det er det vi gjer, seier Trudeau.

    Tysdag blei det kjend at Canada utviser ein indisk diplomat etter påstandar om at indisk etterretning kan stå bak drapet på Niijar i juni. Statsministeren ville torsdag ikkje kommentere kva bevis dei har som peikar mot India, ifylgje Reuters.

    Forholdet mellom dei to landa har kjølna som fylgje av skuldingane. Torsdag kunngjorde indiske styresmakter at dei stoppar handsaminga av nye visumsøknader frå kanadiske statsborgarar. India bad samstundes Canada om å redusere talet på diplomatar i landet.

  • VG: Espen Bjervig gir seg som langrennssjef

    Espen Bjervig gir seg som langrennssjef i Norges Skiforbund ved årsskiftet, melder VG.

    Bjervig har hatt jobben siden 2018. Han sier til VG at han ikke lenger har den samme motivasjonen og gleder, men avviser at negative saker i media og utenomsportslig støy har vært medvirkende årsak til avgangen.

  • Regjeringa vil gi 5 milliardar til grøne investeringar

    Regjeringa vil opprette ei ny garantiordning som skal redusere risikoen for private aktørar som ønskjer å byggje ut vind-, vatn- og solkraft i utviklingsland.

    Ramma vil vere på 5 milliardar kroner, og det blir løyvd ei tapsavsetjing i statsbudsjettet for 2024 og 2025. Selskap og finansinstitusjonar frå heile verda kan søkje om støtte, skriv E24.

    – Noreg har i mange samanhengar søkt løysingar som kan gi meir utbytte enn det Noreg åleine kan gjere, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på eit videomøte med E24 frå New York.

    Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) omtaler ordninga som det mest kraftfulle verktøyet Noreg har teke i bruk nokosinne og meiner ho vil utløyse enormt mykje kapital.

    Kirkens Nødhjelp meiner garantien ser lovande ut, med atterhald om detaljane i ordninga.

    – Det ser ut som om regjeringa no satsar på ei ordning som kan få mykje å seie i arbeidet med å få opp internasjonal klimafinansiering gjennom å mobilisere langt meir privat kapital. Det er avgjerande for å nå måla i Parisavtalen, seier generalsekretær Dagfinn Høybråten til NTB.

  • Kåret til landets mest åpne kommune

    Ørland ble for femte gang kåret til landets mest åpne kommune. Det er Pressens offentlighetsutvalg som står bak kåringen som undersøker hvordan alle landets kommuner og fylker håndterer innsyn og åpenhet. Det skriver Journalisten.

    – Ørland er den kommunen i landet som i størst grad legger forholdene til rette for en åpen og opplyst offentlig samtale. De scorer høyt på lista med hele 25 av 26 mulige poeng, skriver Journalisten.

  • Armenia førebur seg på flyktningstraum

    Armenia sin statsminister Nikol Pasjinjan seier torsdag at han ikkje ser ei umiddelbar fare for sivilbefolkninga i Nagorno-Karabakh. Dersom det er behov er hovudstaden Jerevan likevel budd på å ta i mot 40.000 familiar, melder AFP.

    Armenia og Aserbajdsjan har utkjempa to krigar som fylgje av strid om regionen Nagorno-Karabakh. Den aserbajdsjanske enklaven har ei befolkning på kring 120.000, som i hovudsak er armenarar.

    Etter inngåing av våpenkvile i 2020 har det i september vore nye samanstøyt mellom dei to landa.

    Russian peacekeepers evacuate civilians in Nagorno-Karabakh
    Foto: RUSSIAN DEFENCE MINISTRY / Reuters
  • Isen i Antarktis smeltar frå undersida

    Varmare vatn er blitt ei stadig større utfordring for dei enorme isbremmane som flyt på havet langs kysten i Antarktis.

    – Sidan 2016 har innstrøyminga av varmt vatn auka. Det varme vatnet, djupt nede i havet utanfor kysten, har i større grad komme inn under isbremmen og ført til at isen smeltar frå undersida, seier ein av forfattarane bak ein ny rapport, oseanograf Tore Hattermann ved Norsk Polarinstitutt.

    Forskarane meiner dette har samanheng med at sirkulasjonen nede i havet har endra seg. Vestavindane rundt kontinentet har blitt sterkare, noko som fører til at det varme vatnet kjem nærare kysten.

    Dei har undersøkt endringane på isbremmen samanhengande sidan 2010.

    Rapporten er laga av forskarar frå Norsk Polarinstitutt i samarbeid med kollegaer frå Universitetet i Bergen, og blei presentert i det internasjonale tidsskriftet Nature Geoscience no i ettermiddag.

  • Tre personar pågripe etter alvorleg hending på Romerike

    To menn og ei kvinne er arrestert og sikta etter ei alvorleg hending på Romerike natt til torsdag. Hendinga fann stad i heimen til ein mann i 30-åra på Nedre Romerike, skriv Romerikes Blad.

    Etter valdshandlinga i einebustaden hadde gjerningsmennene stukke av med bilen til den fornærma.

    – Ein politipatrulje observerte noko seinare den aktuelle bilen på veg mot Oslo. Dei fekk bistand av politiet i Oslo der bilen til slutt vart stansa, og to menn som sat i køyretøyet vart arresterte, opplyser avsnittsleiar for etterforsking i Lillestrøm, Per Morten Hvattum, til avisa.

    To menn i 20-åra er sikta for grovt ran etter hendinga. I tillegg er ei kvinne i 30-åra arrestert i samband med saka. (NTB)

Nyhetsstrømmen

Erna Solberg

NRK svarer

Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon med verdensværet.
Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon med utenriksmagasin, sport og vær.