Hopp til innhold

20 hus øydelagt av vulkanutbrot

Lava frå vulkanutbrota på kanariøya La Palma har øydelagt 20 hus i byen El Paso. Den har også gått over vegar og gjort det umogleg å kome fram fleire stadar.

Lavaen spreier seg no gjennom ein busetnad i Los Llanos de Aridane, der hundrevis av hus er i faresona, ifølge ordføraren.

Rundt 5000 er evakuerte frå fire byar. Det er ikkje meldt om personskade.

– Lavaen flytter seg mot kysten og skaden er berre materiell, seier presidenten i Kanariøyene, Angel Victor Torres, ifølge Reuters.

A house burns due to lava from the eruption of a volcano in Spain
Foto: Borja Suarez / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no