Hopp til innhold

R. Kelly-anke forkasta

Ein føderal domstol i Chicago har avvist anken til R. Kelly som er dømd for overgrep mot mindreårige og for å ha hatt overgrepsmateriale, melder AFP.

Artisten blei dømd til 20 år i fengsel i februar i fjor, men advokatane hans meinte saka var forelda før ho kom opp for domstolen. Men det blir avvist av ankedomstolen.

56 år gamle Kelly sonar frå før ein dom på 30 år i fengsel for vald og menneskesmugling.

R. Kelly
Foto: Matt Marton / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no