Hopp til innhold

Nato-melding var gamle nyheiter

Meldinga frå nyheitsbyrået Reuters om at Nato har utvist russiske diplomatar dei siste månadane, skal vere basert på noko som skjedde for fleire år sidan.

Ifølgje avisa Bild har Nato-sjef Jens Stoltenberg sagt at dei har kasta ut russisk personell frå Nato-hovudkvarteret i Brussel. Ifølgje avisa var russarane mistenkt for spionasje.

– Vi fann ut at dei dreiv aktivitetar som eigentleg ikkje var diplomatisk arbeid, men etterretningsarbeid, seier Stoltenberg til avisa.

Simone de Manso, pressekontakt ved Natos hovudkvarter, opplyser til NRK at denne hendinga ikkje skjedde nyleg.

– Russland trekte seg ut av Nato i oktober 2021. I intervjuet med Bild viste generalsekretæren til skritt som er teke dei siste åra.

Vidare sa Stoltenberg til Bild at dei ser at russisk etterretning har auka aktiviteten sin dei siste åra, og at Nato-landa følgjer nøye med på dette. .

Jens Stoltenberg
Foto: Nato

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no