Hopp til innhold

Sjømateksporten fall med 1 milliard

I januar, februar og mars eksporterte Norge sjømat for 40,2 milliardar kroner. Det er 1,2 milliardar kroner, eller 3 prosent, mindre enn same periode i fjor.

– Takka vere ei svak norsk krone og høge priser var det vekst i eksportverdien i januar og februar. I mars avtok valutaeffekten, samtidig som det har vore volumfall for ei rekke arter i dei tre første månadane i år, seier direktør i Norges sjømatråd, Christian Chramer, i ei pressemelding.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no