Hopp til innhold

Amerikansk base i Nord-Irak skaut ned tre dronar

Ein amerikansk militærbase i Irak skaut ned tre væpna dronar som flaug over flyplassen i Erbil.

Det melder Reuters.

Nedskytinga skjer ein dag etter at den iranske Revolusjonsgarden gjekk til angrep i Erbil, i den kurdiske delen av Irak. Dei hevdar dei gjekk til angrep på «spionasjesenter» og «anti-iranske terrorgrupper».

Minst fire personar vart drepne og seks skadde i angrepet, ifølgje det kurdiske tryggingsrådet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no