Hopp til innhold

Irak fordømmer Irans åtak i Erbil

Irak varslar at dei skal klaga inn Iran til FNs tryggingsråd etter angrepet i Erbil, i den kurdiske delen av Irak. Det melder Reuters.

Måndag angreip den iranske Revolusjonsgarden det dei kallar for «spionasjesenter» og «anti-iranske terrorgrupper».

Det irakiske utanriksdepartementet avviser dette, og lover å offentleggjera etterforskinga av angrepet for å visa kva som eigentleg skjedde.

Minst fire personar vart drepne og seks skadde i angrepet, ifølgje det kurdiske tryggingsrådet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no