Hopp til innhold

Finland får kritikk for å stenge grensa mot Russland

Amnesty International kritiserer Finland etter at dei stengde grensa mot Russland. Dei meiner det er vanskeleg å sjå korleis Finland no oppfyller kravet om retten til å søke asyl.

Finland stengde grensa mellombels etter at det kom fleire hundre menneske over grensa for å søke asyl. Styresmakter seier grunnen til stenginga er nasjonale tryggleik.

Dei meiner Russland sender asylsøkarar til Finland med vilje, og har kalla det eit hybridangrep.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no