Hopp til innhold

Island suspenderer kvalfangstskip for brot på dyrevelferdslov

Island har suspendert eit av landet sine to kvalfangstskip, Hvalur 8, etter at kvalfangarane brukte for lang tid på å ta livet av ein kval, opplyser islandske myndigheiter og eigaren av skipet fredag. Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Under ein inspeksjon på skipet, fann mattilsynet på Island (MAST) ut at det tok kvalfangarane ein halvtime å drepa ein Finnkval med to harpunskot.

Sjefen for skipet, Kristján Loftsson, seier dette var skylda ein feil på avtrekkaren til harpunen. Skipet får ikkje driva kvalfangst før denne feilen er retta.

For to veker sidan, enda ei to månader lang pause i kvalfangsten på Island som blei innført etter ein rapport konkluderte med at næringa brukte for lengre tid på å ta livet av kvalane enn den islandske dyrevelferdslova tillèt. I tillegg blei det innført strengare reguleringar og overvaking av næringa. Trass dette, protesterte dyrevelferdsforkjemparar og Hollywood-stjerner som Leonardo DiCaprio mot næringa. I fjor blei 148 Finnkvalar fanga rundt Island. I gjennomsnitt tok det 11,5 minutt før kvalen blei drepen av harpunskotet. For ein av kvalane tok det heile to timar, ifølge myndigheitene sin rapport.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no