Hopp til innhold

Tenåringsjente drepen av hai i Australia

Ei 16 år gamal jente blei drepen av ein hai då ho svømde i Swan-elva utanfor Perth i vestlege Australia, opplyser myndigheitene.

Jenta blei kritisk skadd i angrpet og erklært død på staden etter fleire forsøk på gjenoppliving, sa politiinspektør Paul Robinson.

Han fortel at jenta var i lag med vener som stod på vannski på elva, då dei såg ein flokk med delfiner. 16-åringen hoppa sannsynlegvis ut i vatnet for å svømma ved sida av delfinane, fortel Robinson.

Det skal ikkje vera vanleg for haier å svømme i denne delen av elva, men myndigheitene ber nå folk vera varsame også i denne delen av elva.

Førre fatale hai-angrep i ei elv i Australia var i 1960, då ein oksehai på 3,3 meter drap ein dykkar ved Roseville-brua i Sydney.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no