Tyrkiske hackarar oppmodar til angrep på svenske bankar og myndigheiter
Det melder programmet Ekot på Sveriges Radio. Rickard Faleij, som er ansvarleg for informasjonssikkerheit i den svenske Riksbanken, seier til nettstaden at dei ikkje ønsker å spekulere i kva som kan vere årsaka til denne oppmodinga.
– Vi gjer våre eigne analysar, men eg kan ikkje gå inn på kva dei resulterer i.