Hopp til innhold

Guterres : – Vi fører ein krig mot naturen

– Naturen er under angrep.

Slik opna statsministeren i Canada, Justin Trudeau FNs naturtoppmøte (COP15) i Montreal i Canada.

Målet med COP15 er å vedta eit rammeverk for globalt biologisk mangfald – som er blitt kalla «ein Parisavtale for naturen».

– Vi fører ein krig mot naturen, sa generalsekretær i FN António Guterres i tala etterpå.

– Med vår botnlause appetitt for ukontrollert og ulik økonomisk vekst, har menneska blitt eit masseutryddningsvåpen, sa FN-sjefen.

– Vi behandlar naturen vår som eit toalett, og til slutt tek vi sjølvmord som følgje av det. Dette toppmøtet er vår sjanse til å stoppe desse øydeleggingane.

Han sa at vatn, land og luft er forgifta av kjemikaliar og sprøytemiddel, og kvelt av plastikk. Han sa at fossilt drivstoff har kasta klimaet vårt i eit kaos av hetebølgjer, skogbrannar, tørke, varme, og flaum.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no