Hopp til innhold

Tilstår masseskytinga i Buffalo

19 år gamle Payton Gendron har tilstått at det var han som stod bak masseskytinga der ti svarte amerikanarar blei skotne og drepne i ein supermarknad i Buffalo i New York i mai, melder AP.

I retten svarte 19-åringen at han drap dei på grunn av hudfargen deira.

Gendron er også tiltalt for hatkriminalitet på eit føderalt nivå, som kan gi dødsstraff. Dette har han ikkje sagt seg skuldig i.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no