Hopp til innhold

Nederland kallar den russiske ambassadøren inn på teppet

Den nederlandske regjeringa kallar inn Russland sin ambassadør i Haag til samtalar, seier utanriksminister Wopke Hoekstra.

Ein domstol dømde torsdag to russarar og ein ukrainar til livstid i fengsel for deira rolle i nedskytinga av Malaysia Airlines-flyginga MH17 i juli 2014.

Det russiske utanriksdepartementet kommenterte etter kunngjeringa at retten i Haag har vore under enormt press frå nederlandske politikarar, påtalemakta og media for å kome med eit «politisk motivert utfall».

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no