Hopp til innhold

Reagerer på psykiatri-kutt i Oslo

I går fortalde NRK at Oslo universitetssjukehus planlegg å kutta 200 millionar kroner i psykiatri-budsjettet sitt. Det betyr at talet på døgnplassar skal ned og at klinikkar kan ryka i hovudstaden.

Stortingsrepresentant og leiar i KrF, Olaug Bollestad reagerer sterkt på kuttet.

– Dette er fullstendig sprøtt, seier ho.

– Regjeringa kutter jo 3,6 milliardar til sjukehusa fordi dei dekker ikkje opp for lønns- og prisvekst. I tillegg er det ikkje dekka inn for dei enorme auka straumutgiftene. Dette går ikkje i hop for dei som slit mest, seier Bollestad til NRK.

Nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Bård Hoksrud (Frp), synest kuttet er heilt vanvitig.

– Regjeringa har sagt dei skal prioritera psykisk helse, likevel legg dei ned og kuttar tilbod innanfor psykisk helse over heile landet. Me veit korleis det står til med nordmenns psykiske vanhelse, spesielt etter pandemien. Om ein kuttar i tilbodet fryktar eg for konsekvensane det vil få i nær framtid, seier Hoksrud til NRK i dag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no