Hopp til innhold

– Det er heilt absurd

Talet på døgnplassar skal ned og klinikkar kan ryke når leiinga vil kutte over 200 millionar i psykiatrien i hovudstaden. No slår tillitsvalde alarm.

Overlege og tillitsvald Ian Thomas Small, tillitsvald i FO Anna Margrethe Nygård Øslebø og tillitsvald i NSF Berit Averstad utanfor Ullevål Sjukehus.

SEIER NEI TIL KUTTA: Verken tillitsvald for Overlegeforeininga, Ian Thomas Small (til venstre), tillitsvald for FO, Anne Margrethe Nygård Øslebø, og tillitsvald for NSF, Berit Averstad, kan ikkje stilla seg bak ei innsparing på 245 millionar kroner i løpet av 2023

Foto: André Børke / NRK

Klinikk for psykisk helse og avhengigheit på Oslo universitetssjukehus (OUS) skal spara inn over 200 millionar kroner i 2023.

Det kjem fram i eit av forslaga til kutt i budsjettet som nå blir behandla av leiinga ved OUS.

No slår dei tillitsvalde for fem fagforeiningar ved klinikken alarm. Dei fire tillitsvalde som NRK har snakka med, meiner ei slik innsparing er urealistisk.

– Det er heilt absurd, seier tillitsvald for Fellesorganisasjonen (FO), Anna Margrethe Nygård Øslebø.

Kuttet kjem etter fleire år med nedbemanning i psykiatrien, samtidig som klinikken merkar ein stor pågang av pasientar.

Regjeringa har på si side sagt at dei vil styrka innsatsen på psykisk helsevern, men fleire sjukehus er likevel nøydde til å stramma inn.

Både spesialpoliklinikken for eteforstyrringar og Personlegheitspoliklinikken står i fare for å bli fordelt ut på ulike DPS og andre einingar.

På den måten kan dei redusera talet på stillingar med 12, står det i eit dokument NRK har fått tilsendt.

Mistar kompetanse

I tillegg står Tidleg psykosebehandling på Gaustad sjukehus i fare for å bli splitta opp og fordelt ut på ulike einingar.

Alle desse forslaga vil gå ut over dei fagmiljø som klinikken har bygga opp ved dei spesialiserte tenestene sine, meiner tillitsvald for Overlegeforeininga, Ian Thomas Small.

Han fryktar at ei slik oppsplitting vil gjera det vanskeleg å få fagmiljøa tilbake igjen.

– Det tar lang tid å bygga opp eit godt kompetansemiljø.

Tillitsvald i Overlegeforeininga, Ian Thomas Small.

Tillitsvald i Overlegeforeininga, Ian Thomas Small, fryktar at dei spesialiserte fagmiljøa ved klinikken vil bli øydelagt om alle spareforslaga går gjennom.

Foto: André Børke / NRK

Small meiner eit kutt i døgnplassar vil spara meir pengar, fordi det krev folk på jobb heile døgnet.

Men Stortinget har bestemt at ein ikkje skal kutta døgnplassar.

– Sidan det er såpass kontroversielt, så ser me at dei begynn å ta eit par psykologar her og der som er mykje meir destruktivt når det kjem til å øydelegga fagmiljø.

Lengre ventetid

Med kutta fryktar tillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund, Berit Averstad, at klinikken berre kan prioritera dei sjukaste.

– Ventetida vil sannsynlegvis bli lengre for kvar pasient, trur Averstad.

Både på barne- og ungdomsavdelinga BUPA, den spesialiserte rusavdelinga (TSB) og i vaksenpsykiatrien merkar dei ein stor pågang, fortel Averstad.

– Fleire av avdelingane ved klinikken har fleire pasientar enn dei har plassar til.

I tillegg har dei merka eit auka trykk av barn med eteforstyrring og folk som blir lagt inn på tvungen psykisk helsevern (TPH), fortel ho.

Tillitsvald Anna Margrethe Nygård Øslebø i FO og tillitsvald i NSF Berit Averstad.

Tillitsvald Anna Margrethe Nygård Øslebø i FO (til venstre) og tillitsvald i NSF Berit Averstad seier at kuttet i neste års budsjett vil gå ut over pasientane og deira pårørande.

Foto: André Børke / NRK

OUS: Krevjande prosess

Klinikkleiar Petter Andreas Ringen ved Klinikk for psykisk helse og avhengigheit seier at klinikken skal sørga for gode helsetenester for pasientgruppene deira.

– Budsjettarbeidet for 2023 blir utfordrande.

– Me bruker i sum meir ressursar enn me har i budsjettet. Årsaka til dette er samansett. Det er stor pågang av pasientar med alvorleg psykisk sjukdom, og parallelt skal me effektivisera drifta og skapa rom for nye bygg.

Klinikken er beden om å sikra at dei har ei drift der dei ikkje brukar meir enn det dei får tildelt i budsjettet, seier Ringen.

– Eg har forståing for at tilsette er bekymra, seier han.

– Samtidig er dette ei moglegheit til å organisera oss betre slik at me kan levera betre pasienttenester vidare. Me skal ta vare på både medarbeidarar og pasientar i dette arbeidet.

Han seier at klinikken har styrka tilbodet innan DPS'a og oppretta fleire tilbod som dageining for barn og unge med eteforstyrringar, poliklinisk oppfølging av psykisk sjuke i fengsel, eit psykisk helsetilbod til personar med sansetap og heroinassistert behandling til personar med rusavhengnad.

– Akkurat no er me midt i ein prosess, og kva tiltak som vil bli gjennomført er ikkje bestemt endå, seier Ringen.

Utover dette har ikkje leiinga ved OUS vore tilgjengeleg for kommentar.

Fleire år med nedbemanning

Kvart år får sjukehusa i Noreg i oppdrag å effektivisera drifta si.

– Summerer ein desse prosentane og går 20 til 30 år tilbake, så kan ein jo lura på kor elendig, håplaust ein jobba då, seier Small.

Men effektivisering i helsesektoren betyr i praksis kutt i tilbodet.

Gjennom åra har klinikken kutta fleire tilbod, som familie- og nettverkseininga og ei eiga psykoseeining for unge, fortel føretakstillitsvald for Psykologforeininga Birgit Aanderaa

– Det som er effektivisering hos oss, er at du legg ned tilbod, seier Aanderaa.

Ho meiner kuttet ikkje er mogleg å gjennomføra om klinikken skal klara å levera det tilbodet dei skal.

– Eg meiner at dette ikkje er reelt. Pasientar innan psykisk helsevern for barn og unge, rus- og avhengigheitsbehandling, eteforstyrringar og alvorleg sjuke vaksne vil få eit mykje dårlegare tilbod.

– Ei fallitterklæring

Øslebø meiner dette er viktige prioriteringar nå, men at kutta på klinikken ikkje reflekterer ei slik prioritering.

Ho meiner eit slikt kutt vil gå ut over pasientane og deira pårørande, fordi det vil bli vanskelegare å få kompetent helsehjelp.

– Det er eigentleg ei fallitterklæring, tenker eg.

Klinikken brukar mest pengar på lønningar til tilsette, og ei innsparing vil derfor bety færre tilsette, fortel dei tillitsvalde.

Tillitsvald for FO, Anne Margrethe Nygård Øslebø føre bygget der leiinga sit.

Tillitsvald for FO, Anne Margrethe Nygård Øslebø, meiner kuttet er ei fallitterklæring for den hjelpa pasientane skal få. Her står ho føre bygget der leiinga held til.

Foto: André Børke / NRK

Det betyr at dei som er igjen vil få endå fleire arbeidsoppgåver, og må jobba raskare enn før, seier Averstad.

– Arbeidsmengda er allereie høg. Eg trur at enkelte kan komma til å slutta og finna seg jobb ein annan stad, fordi arbeidsmengda blir veldig stor, seier ho.

Vil ha ei grundigare vurdering

Pengane klinikken må spara inn er eit resultat av pengar dei ikkje har klart å spara inn under pandemien, pengar til nye sjukehusbygg og ekstra kostnader som følge av høge straumprisar og rekrutteringsproblem.

Dei tillitsvalde meiner dei ulike avdelingane har fått for lite tid til å finna gode spareløysingar.

Derfor ønsker dei at leiinga set av meir tid til å vurdera sparetiltaka.

Viseadministrerande direktør Morten Reymert i OUS, skriv i ein e-post via kommunikasjonsavdelinga at klinikken har fått eit innsparingskrav på 3 prosent.

– Det er viktig å presisere at dei endelege budsjettrammene for klinikkane neste år ikkje er fastsett, skriv Reymert.

Oslo Høgre reagerer sterkt på opplysningane NRK kan fortelje om.

– Dette er først og fremst ganske oppsiktsvekkande, seier helsepolitisk talsperson, Hassan Nawaz (H).

Han meiner at dette ikkje heng saman med dei måla som regjeringa har sett i Statsbudsjettet om at ventetidene ikkje skal auke.

– Vi kan ikkje trakke på dei som alt ligg nede, meiner Nawaz.

AKTUELT NÅ