Sveriges statsminister: – Truleg sabotasje
Statsminister i Sverige Magdalena Andersson, seier på ein pressekonferanse i kveld at eksplosjonar har forårsaka skadane på gassrøyrledningane.
– Dette dreier seg truleg om sabotasje, seier statsministeren. Ho understrekar at det ikkje er eit angrep på svensk eller dansk territorium.
Ho har snakka med forbundskansler i Tyskland Olaf Scholz, Danmarks statsminister Mette Frederiksen og Nato-sjef Jens Stoltenberg om dette i dag.
Vidare seier ho at Noreg har varsla Sverige om auka droneaktivitet i Nordsjøen.