Hopp til innhold

Kongeparet tilstades under gravferdsseremonien

Kong Harald og dronning Sonja skal også vere tilstades under gravferdsseremonien St George’s Chapel i Windsor i morgon ettermiddag. Det melder kongehuset.

Dronning Elizabeth II’s gravferd starter klokka 12, norsk tid, med gudsteneste i Westminster Abbey. Der er det venta 2000 gjester, blant dei kongelege og statsleiarar frå heile verda.

Deretter skal kista til Windsor der 800 gjester er inviterte til endå ei gravferdsgudsteneste. Dronning Elizabeth II skal gravleggast ved sidan av ektemannen prins Philip i kong Georg VIs minnekapell i Windsor.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no