Hopp til innhold

Må avslutta isbre-undersøkingar fordi isen har smelta vekk

Fleire mindre isbrear i Sveits har mista mykje is på grunn av ekstremvarmen i sommar.

Forskarar må derfor avslutta måleprogram fleire stader fordi isen har smelta vekk.

– Det me ser har overgått det me trudde var mogleg, seier Matthias Huss, som leiar ismålingsprosjektet ved den tekniske høgskulen i Zürich.

Mellom anna seier Huss at islag som blei danna for 7000 år sidan har smelta vekk frå Corvatsch-isbreen søraust i landet. Nå er det ikkje meir å gjera på staden der forskarane har arbeida. Det einaste som gjenstår er å samla saman måleutstyret og rydda det vekk, ifølge Huss.

Forskarane hadde i utgangspunktet håpa på å fortsetta med målingane ei stund til. (NTB/DPA)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no