Hopp til innhold

Asap Rocky erkjenner ikkje straffskuld for skyteepisode

Rapparen Asap Rocky erkjenner ikkje straffskuld for å ha skote to gongar mot ein kjenning i samband med ein krangel i Hollywood i november.

Han har fått ordre om å møta i retten på ny 2. november.

Personen som blei skoten, blei lettare skadd. Asap Rocky, som var den mistenkte gjerningspersonen, flykta til fots saman med to andre menn, ifølgje politiet.

Rapparen blei seinare pågripen på i ein flyplass i Los Angeles i april, men blei lauslaten mot kausjon seinare same dag.

Det var også mykje blest rundt 33-åringen då han blei pågripen i Stockholm i 2019 etter ei valdshending. Han blei då halden i svensk varetekt i meir enn ein månad.

(NTB)

A$AP Rocky
Foto: Irfan Khan / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no