Finland med rekordhøge flyktningtal
Finland har tatt imot eit rekordhøgt tal på flyktningar sidan Russland invaderte Ukraina. Det melder nyheitsbyrået AFP.
Meir enn 37.000 menneske var sist veke registrert i det finske mottakssystemet. Det er 5.000 meir enn det Finland opplevde under flyktningkrisa i 2015.
Ein tredjedel av dei nykomne er barn, opplyser immigrasjonstenesta.
I Noreg byrja UDI å oppgi oversikt over ukrainske asylsøkarar i Noreg 25. februar. Sidan har det kome 21.950 søknadar om asyl.