Hopp til innhold

Møter Støre om straumprisar

Arbeidarpartiet sine ordførarar møter i kveld partileiinga til eit digitalt møte, der blant anna energiprisane blir eit tema.

Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap) meiner at møtet er heilt naudsynt no.

– Om vi skal leve med desse straumprisane over tid, så blir bedrifter og næringsliv usikre på framtida, seier Wirak til NRK.

Statsminister Jonas Gahr Støre og olje- og energiminister Terje Lien Aasland er blant dei som deltar. Aps partisekretær Kjersti Stenseng avviser at det er snakk om eit krisemøte.

– Nei, vi har jamleg Teams-møte med ordførarane våre om den aktuelle politiske situasjonen. Og no er det jo heilt naturleg å ta opp dei høge straumprisane. Regjeringa jobbar kontinuerleg med å få på plass gode tiltak, seier Stenseng, som leiar møtet i kveld.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no