Hopp til innhold

Urbefolkning og miljøvernorganisasjon stemner Canada for retten for olje- og gassprosjekt

Den kanadiske urbefolkningsorganisasjonen Mi'gmawe'l Tplu'taqnn Inc. (MTI) og miljøvernorganisasjonen Ecojustice stemner den føderale regjeringa for retten for å ha godkjent Equinor sitt olje- og gass prosjektet Bay Du Nord ved kysten av provinsen Newfoundland og Labrador i Canada. Det skriv organisasjonen MTI sjølv i eit utsegn.

MTI meiner produksjon av olje i dette området, kan hindra samfunnet frå å driva med sitt tradisjonelle og kommersielle fiske av laks. Dei fryktar at prosjektet er i konflikt med dei avtalene urbefolkninga har med staten, som gjev dei rett til å driva med jakt og fiske slik dei alltid har gjort.

I 2013 gjorde Equinor sine første oljefunn i Flemish Pass-bassenget rundt 500 kilometer nordaust for St. John's i Newfoundland og Labrador i Canada.

Selskapet forventar å produsera den første olja frå feltet på slutten av 2020-talet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no