Hopp til innhold

Voi vil opne for elsparkesyklar i Oslo om natta også

Elsparkesykkelselskapet Voi meiner det er på høg tid å opne opp for utleige av elsparkesyklar i Oslo også på nattetid.

– Teknologien fungerer, reglane fungerer, konkurranse i byane fungerer. Det er ikkje lenger gode grunnar for å forby utleige av elsparkesyklar om natta, seier Voi-sjef Christina Moe Gjerde i ei pressemelding.

I juni i fjor registrerte skadelegevakta i Oslo 436 elsparkesykkelskadar. Dei fleste skjedde mellom klokka 22 og 07, og dei anbefalte derfor å stenge på nattetid for å få ned talet på skadar. Nattestenginga vart innført i september i fjor, og talet på skadar gjekk kraftig ned.

15. juni i år kom det nye reglar for elsparkesyklar, mellom anna promillegrense. (NRK / NTB)

El-sparkesykler
Foto: Anders Fehn / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no