Hopp til innhold

Mann erkjenner drap på journalist i Malta

I 2017 blei den kjende gravejournalisten Daphne Caruana Guliza frå Malta drepen i eit bombeattentat. No har George Degiorgio som vart skulda for å ha utløyst bilbomba, erkjent at han gjorde det. Det skriv nyheitsbyrået Reuters.

Degiorgio seier i eit intervju at han gjennomførte attentatet på oppdrag frå andre, som han om kort tid vil namngje. Dersom han hadde visst kven offeret var, hadde han kravd meir pengar frå dei som bad han om å plassere bilbomba, seier han.

– Dersom eg hadde visst det, hadde eg bede om 10 millionar euro, ikkje 150.000 euro.

Han hevdar å ha motteke dette beløpet for attentatet.

Degiorgio sin bror Alfred er også sikta i saken, som snart kjem opp for retten. Ein tredje mann, Vincent Muscat, har vedgått at det var han som skaffa bomba som blei brukt. Han blei dømt til 15 års fengsel i februar.

(NRK / NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no